Skipsklokka er komen heim frå Kina

Publisert: 01.09.2016 kl. 07.09 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 16.01
Skipsklokka frå det første norskbygde forsyningsskipet, Rig Pilot, er komen heim og blei for første gong vist fram under oljemessa i Stavanger onsdag. Frå venstre Mao Liling og Tor Arne leine, begge tilsett i Havyard. (Foto: Thomas Førde)
Skipsklokka frå det første norskbygde forsyningsskipet, Rig Pilot, er komen heim og blei for første gong vist fram under oljemessa i Stavanger onsdag. Frå venstre Mao Liling og Tor Arne leine, begge tilsett i Havyard. (Foto: Thomas Førde)


Skipsklokka frå det første norskbygd forsyningsskipet, Rig Pilot, kom heim frå Kina denne veka og blei i går for første gong vist fram på Havyard sin stand under oljemessa, ONS, i Stavanger.

Av Thomas Førde

Det er verftselskapet Havyard med base i Fosnavåg på Sunnmøre som har henta heim skipsklokka. — Aller helst ville me ha teke heime heile det historiske forsyningsskipet, Rig Pilot, seier Tor Arne Leine i Havyard. Han har engasjert seg sterkt i dette prosjektet.

— Diverre hadde dei siste eigarane av Rig Pilot i Kinas selt skuta til eit opphoggingsverft før me blei klar over kor skuta fanst i verda. Ein av våre tilsette ved kontoret i Shanghai, Mao Liling, blei kontakta for å om mogeleg å spora opp skip og eigar, seier Leine.

Liling, som kom til Stavanger onsdag saman med skipsklokka, fortel at han kom først i kontakt med ein slektning til eigaren av supplybåten. Då fekk Liling vita at skipet var sendt til opphogging. — Eg drog til verftet som alt hadde starta demonteringa. Då eg nådde fram var storparten av overbygget fjerna og eg kunne frå kaia sjå like ned i maskinrommet. Men eg startaå forhandla med opphoggingsverftet om å få kjøpa viktige symbolske delar av det historiske fartøyet. Me kom fram til ein avtale om å få kjøpa mellom anna propell med aksling, eit rorhusdvindauga, kompass og ikkje minst skipsklokka, fortel Liling.

Men det viste seg at skipsklokka hadde den siste eigaren av skipet sjølv fjerna og hengt om bord i eit fraktefartøy. Dermed måtte Liling få tak i ei anna skipsklokke og gjorde deretter avtale med eigaren av fraktebåten og fekk i stand ein bytehandel.

Skipsklokka er alt komen heim og dei andre restane av utstyret frå Rig Pilot er undervegs frå Kina til Fosnavåg. Propellen med aksling er ein relativt stor sak som veg om lag to tonn. Dei fire propellblada ruvar godt og vel to meter over bakken når akslingen ligg vassrett.

I følgje Tor Arne Leine er det førebels ikkje avgjort korleis delane frå Rig Pilot skal gjerast tilgjengelege for publikum. — I første om gang tar me dei heim til Fosnavåg så får me vurdera kva type museum dei skal plasserast på, seier Leine.

For det var i Fosnavåg det heile starta. Der bygde Voldnes verft det aller første forsyningsskipet, som blei levert frå eit norsk verft. Verftet, som blei nedlagt i 2005, bygde frå og med 1972 ein heil serie med fem like forsyningsfartøy. Dette innleia ein ny epoke ved norske verft og for norske reiarlag ved inngangen til oljealderen, som seinare har prega norsk nærings- og samfunnsliv.

Den første utgåva av denne nye typen båt blei kontrahert av reiarlaget Sandeøy Supply. Selskapet er seinare blitt vidareført under namnet Uksnøy og Co. AS. Det var skipskonstruktør Lars Aage Eldøy som stod bak teikningane til denne nye typen båt.

Rig Pilot ble selt til Kina i 1977 og har vore i bruk i kinesisk farvatn heilt fram til i år. Dei fire andre forsyningsfartøya av same type frå Voldnes verft, fikk ulik lagnad. Skip nummer to er blitt radikalt ombygd og tener som ankerhandteringsfartøy i Kina. Nummer tre i rekka av desse skipa, Rig Chief, sokk etter eit forlis ved Skåretreboen utanfor Haugesund i 1978. Heile mannskapet blei berga.

Skip nummer fire blei standby-fartøy i Storbritannia og det femte og siste skipet i serien har blitt nytta som forsyningsbåt i Panama.

Men av det første og historiske, epokegjerande skipet er det berre symbolske delar att.

Rig Pilot var 55 meter langt og 11 meter bredt og hadde ein hovudmotor som ytte om lag 4000 HK.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler