Slår seg saman og dannar nytt selskap

Publisert: 15.12.2017 kl. 13.17
Frå brua til Sulebas, der blant andre Sigurd Solberg leverte elektronisk utstyr. Sulebas er ein fiskebåt overlevert frå Solund Verft AS til Lending Rederi AS i 2014. Foto: Sigurd Solberg
Frå brua til Sulebas, der blant andre Sigurd Solberg leverte elektronisk utstyr. Sulebas er ein fiskebåt overlevert frå Solund Verft AS til Lending Rederi AS i 2014. Foto: Sigurd Solberg

Verksemdene Sigurd Solberg AS og Måløy Radioforretning AS har inngått avtale om å slå seg saman med verknad frå 1. januar 2018. Det samanslegne selskapet vil få namnet Ocean Electronics AS.

Eigarar av det nye selskapet vil bli John Sigurd Solberg sitt holdingselskap Mimar Holding AS og ein del av dei tilsette i det nye selskapet, heiter det i eit presseskriv frå det nye selskapet.
Den fysiske samanslåinga av selskapa vil skje i løpet av første halvår 2018 og driftseiningane i Florø og Måløy vil drive som før.

Ordreboka knytt til nybygg er ved inngangen av 2018 god og fordelt på m.a. fiskefartøy og fartøy til oppdrettsnæringa som vert bygde ved verft i Norge og i utlandet. Omsetninga i det nye selskapet er berekna til omlag 50 millionar kr årlig. Det nye selskapet vil ha omlag 18 tilsette og vere mellom dei større selskapa innan maritim elektronikk i Norge. Nybygg, ombygging og driftsvedlikehald/service blir viktige satsingsområde, står det i pressemeldinga.

– Ocean Electronics skal satse på nye marknader for maritim elektronikk, og vil ha fokus på sikkerheitssystem for hamner, kystområde og oppdrettsanlegg. Kjente produkt som radar, AIS, kamera, VHF radio osv. vil i lag med kompetansen vår sette oss i stand til å dekke nye oppgåver og behov, seier John Sigurd Solberg, dagleg leiar i det samanslegne selskapet.   

Kurt W. Vadset

redaksjon[a]maritimt.com

Relaterte artikler