Solid overskot for Kleven

Publisert: 02.05.2014 kl. 11.03 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Kleven Verft
Kleven Verft


Kleven leverte eit driftsoverskot på 172 millionar kroner i 2013. Alle tilsette i konsernet vil dermed også i år få utbetalt overskotsdeling.

– Eit driftsoverskot på vel 172 millionar kroner er eit solid resultat i dagens marknadssituasjon, seier konsernsjef Ståle Rasmussen. Omsettinga i 2013 var på rekordhøge 4,2 milliardar kroner. EBITDA vart på 189 millionar kroner.

Konsernet leverte i løpet av 2013 seks nybygg til ein samla kontraktsverdi på nær 3 milliardar kroner. Myklebust Verft gjennomførte i tillegg fleire omfattande ombyggings- og vedlikehaldsoppdrag.

Alle dei seks nybygga gjekk til norske, og i stor grad lokale, eigarar. Blant dei leverte fartøya er også det første seismikkfartøyet konsernet har bygd. Kleven har pr i dag 12 fartøy i ordreboka, til ein samla kontraktsverdi på ca 7,5 mrd kroner.

– 2013 har vore prega av eit svært høgt aktivitetsnivå og krevande nybyggingsprosjekt, samtidig som vi har gjennomført store investeringar og reorganiseringar internt. Det har vore krevande men nødvendig, og eg er svært takksam for at vi har ein organisasjon prega av positiv innstilling, stor kunnskap og vilje til hardt arbeid. Det er òg svært gledeleg at styret også i år har bestemt at alle tilsette skal få ta del i overskotsdelinga, seier konsernsjef Ståle Rasmussen.

Ved utgangen av 2013 hadde konsernet 770 tilsette, mot 518 tilsette i 2012.

– Skipsbygging er ein industri med finansiell risikoeksponering, og vi har gjennomført omfattande investeringar i produksjonshallar og automatiserte produksjonsliner for å kunne ta delar av produksjonen tilbake til Noreg, og på den måten sikre auka kontroll og redusere risiko. Vi ventar å sjå større effekt av desse investeringane i tida framover, seier Rasmussen.

Kleven Verft AS vart i 2013 ISO-sertifisert både innan miljø (ISO 14001:2004) og kvalitet (ISO 9001:2008), og vart med det det første verftet i Noreg som oppnådde begge desse to sertifiseringane.

Kleven starta i 2012 opp selskapet Kleven ORN i Brasil, i samarbeid med Hareid Group og det brasilianske selskapet ORN. 2013 vart såleis første heile driftsår for selskapet som driv service på elektriske og elektroniske installasjonar om bord i offshorefartøy. Kleven ORN, som held til i Niteroi utanfor Rio, hadde ved årsskiftet 20 tilsette, og er fortsatt i ei oppbyggingsfase. Selskapet gjekk med overskot i 2013.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler