Solide tall for Stadt

Publisert: 28.06.2018 kl. 08.37
Frå venstre: Hallvard, Rudi og Kamilla Slettevoll, saman med John I. Myklebust. Foto: Stadt
Frå venstre: Hallvard, Rudi og Kamilla Slettevoll, saman med John I. Myklebust. Foto: Stadt
Stadt AS i Gjerdsvika, la i slutten av juni fram sitt beste resultat på fleire år, med eit driftsresultat på 3,9 millionar kroner. Selskapet er dertil gjeldfritt.


– Ei hovudårsak til dette skriv seg frå banebrytande kontraktar innan eksploreryacht – segmentet, og den militære marknaden.  Svenske SAAB AB skreiv i 2017  ei viktig kontrakt med Stadt for det unike støyfrie elektriske framdriftsystemet for militære skip, som no er levert og patentert over heile verda.  Det seier Stadt-sjef Hallvard Slettevoll.

Selskapet sine prosjekt er ei blanding av den eigenutvikla Lean Propulsion-teknologien, tavlesystem  og eit totalansvar for å sy saman eit omfattande kraft- og elektrisk framdriftssystem for skipa - såkalla systemintegrasjon.

Her har Stadt no bygd opp kompetanse over meir enn 30 år, og er ein av dei leiande aktørane på området. Slettevoll seier at ein no også ser teikn til betring i offshoremarknaden, som tradisjonelt har vore svært viktig for Stadt.

– Og det er mykje som no skjer innan oppdrett og akvakultur her heime. Men skipsbyggings- marknaden er svært internasjonal , og vi vil no styrke vår internasjonale salgsinnsats ved at vi søkjer etter ny salgssjef for eksport, legg han til.

Stadt– framdriftsløysingane er i dag svært aktuelle for alle typar miljøvenlege skip . Ein kombinasjon av diesel, LNG, batteri og brenselceller er fullt mulig å få til i eitt og same skip, enten ved nybygging, oppgradering, eller at ein førebur for ei slik utviding seinare.

– Med ei heil-elektrisk framdrift, kan energikjeldene lett rokkerast over tid, alt etter kva miljøkrav og økonomi tilseier er mest lønsamt og tidsrett.  Ei framtidsretta og svært robust løysing med stor fleksibilitet, avsluttar Slettevoll .

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler