Stadt-avtale med Saab AB

Publisert: 04.07.2017 kl. 14.16
 Frå venstre: Hallvard Slettevoll, Daniel Slettevoll og Webbjørn Hageselle på Stadt sin stand under årets Nor-Shipping. Foto: Stadt
Frå venstre: Hallvard Slettevoll, Daniel Slettevoll og Webbjørn Hageselle på Stadt sin stand under årets Nor-Shipping. Foto: Stadt
Stadt AS og Saab AB har signert kontrakt om levering av det patenterte framdriftssystemet Stadt Lean Propulsion.

Framdriftssystemet skal leverast til eit av Saab sine skipsprosjekt, melder Gjerdsvik-selskapet.

– Denne kontrakta er ei viktig ordre i ein marknad som vi ønsker å satse vidare på. Det er også eit viktig steg i strategien vår om å gjere Stad Lean Propulsion-systemet aktuell for den internasjonale marineflåten, seier Stadt-sjef Hallvard L. Slettevoll.

Saab AB er eit svensk teknologiselskap, som er er involvert i forsvars-, fly- og romindustriane. Selskapets største eigarar er den svenske Wallenberg-familien samt det britiske forsvarsselskapet BAE Systems.

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler