Stadt med kontrakt på eit nytt marineprosjekt

Publisert: 07.03.2019 kl. 10.24
Stadt-direktør Hallvard Slettevoll bekreftar at selskapet har signert ei viktig kontrakt med eit NATO-land, angåande eit militært fartøy. Foto: Stadt AS
Stadt-direktør Hallvard Slettevoll bekreftar at selskapet har signert ei viktig kontrakt med eit NATO-land, angåande eit militært fartøy. Foto: Stadt AS
Stadt AS har vunne ei viktig kontrakt på eit nytt millitærfartøy for eit NATO-land.

– Omfang og detaljar om prosjektet vert ikkje offentleggjort no, men det er ei svært betydningsfull kontrakt, som Stadt har vunne i konkurransen med langt større internasjonale konkurrentar, seier Hallvard L. Slettevoll, CEO i Stadt AS frå Gjerdsvika.

Elektriske framdriftssystem for militære skip er i framvekst, og med sin patenterte Stealth–teknologi basert på Lean Propulsion, har Stadt no signert ei viktig kontrakt for eit nytt stort militært fartøy. Det er førebels det einaste Slettevoll går ut med om avtalen.

– Eit avgjerande konkurransefortrinn med Stadt sin Lean Propulsion teknologi, er at den er støyfri på alle vis, robust, kompakt og treng ikkje kjøling. Det gir meir effekt ut til propellane, og sparer inntil 6 prosent energi i forhold til våre konkurrentar på elektrisk framdrift. Dette betyr at skipa med Stadt-teknologi vert svært miljøvenlege, med opp til ei halvering av energibruk og klimautslepp i forhold til tidlegare brukt framdriftsteknologi på militære skip, fortel Slettevoll.

Har tru på fleire kontraktar 
Stadt leverte i 2018 eit stort system til SAAB i Sverige, også det til militært skip. Med den nye kontrakta no, befestar selskapet  sin posisjon i den militære skipsmarknaden. Hallvard Slettevoll trur at endå fleire forsvarskontrakter vil kome snart.

Stor interesse frå shippingmarknaden
Slettevol fortel at selskapet også merkar stor interesse frå kommersiell shipping internasjonalt, innan eit stort spekter av skip som ynskjer ei eller anna form for miljøvenleg elektrisk framdrift.
– Mange av prosjekta inneheld LNG som energikjelde, gjerne kombinert med diesel og batteri. Stadt leverer fullt integrerte løysingar, også propellsystem i samarbeid med sine partnarar.  Stadt-teknologien er skalerbar opp til svært høge effektar, som dekkjer propulsjonsbehovet til skip i alle størrelsar, slår han fast.

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler