Statsbudsjettet 2015

Publisert: 08.10.2014 kl. 09.31 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Finansminister Siv Jensen
Finansminister Siv Jensen


Næringsretta forsking og kommersialisering, marin forsking, mineralnæringa og forenkling er blant hovudprioriteringane i Nærings- og fiskeridepartementet sitt forslag til budsjett for 2015.

I alt foreslår regjeringa løyvingar på om lag 73 milliardar kroner over budsjett til Nærings- og fiskeridepartementet. Utanom lånetransaksjonar foreslår regjeringa løyvingar på om lag 11,5 milliardar kroner. Dette er ein auke på 350 millionar kroner, eller 3,1 prosent frå 2014.

– Ny kunnskap og innovasjon er viktig for å skape framtidas bedrifter og trygge arbeidsplassar i Noreg. Derfor satsar vi på næringsretta forsking og innovasjon og aukar med nær 300 millionar kroner for å styrke næringslivet si konkurransekraft, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Regjeringa styrkar norsk konkurransekraft for å sikre og skape nye arbeidsplassar, og skape eit næringsliv vi kan leve av framover.

– Dette gjeld òg innanfor fiskerinæringa. Vi vil styrke marin forsking med 40 millionar kroner. Regjeringa vil òg halde fram investeringa i isgåande forskingsfartøy for å sikre framtidig kapasitet til havforsking i arktiske område. Styrka marin forsking vil medverke til at sjømatnæringa framleis er ein av dei viktigaste næringane i landet, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H).

Dei viktigaste prioriteringane:

For første gong sidan nettolønnsordninga for sjøfolk blei innførd, foreslår regjeringa å prisjustere taket i ordninga og aukar derfor løyvinga med 22 millionar kroner. Dette kjem i tillegg til ein auke på 80 millionar kroner som kompensasjon for bortfall av differensiert arbeidsgivaravgift.

Regjeringa foreslår ei styrking av den marine forskinga på 40 millionar kroner. Styrkinga skal medverke til å vidareutvikle ei berekraftig sjømatnæring. Prioriterte område er forsking på fiskehelse og fôr, og styrking av infrastrukturen for marine data. I tillegg aukar løyvingane til næringsrelevant forsking, som teknologiutvikling, utvikling av marin bioøkonomi, levendelagring, internasjonalisering og kunnskaps- og kompetanseoppbygging ved marine forskingsinstitutt.

Investeringar i forsking og innovasjon er avgjerande for næringslivet si konkurransekraft. Regjeringa foreslår ei omfattande satsing på forsking og innovasjon i næringslivet i regjeringas forslag til budsjett. Brukarstyrd innovasjonsarena (BIA) styrkast med 70 millionar kroner. Samla er auken til dei landsdekkande og generelle verkemidla på nesten 300 millionar kroner.

Regjeringa foreslår ei satsing på kommersialisering av gode idear i Innovasjon Noreg og Forskingsrådet . Dette skal skje gjennom omfattande styrking av Forny2020 i Noregs forskingsråd på 20 millionar kroner, og til den landsdekkjande ordninga for etablerartilskot i Innovasjon Noreg på 110 millionar kroner. Regjeringa foreslår òg ein auke i miljøteknologiordninga til Innovasjon Noreg på 50 millionar kroner.

Regjeringa vil etablere eit uavhengig regelråd for næringslivet. Rådet skal medverke til at næringslivet ikkje blir påført unødige byrder gjennom nytt eller endra regelverk.

Regjeringa vil leggje til rette for vekst i mineralnæringa. Satsing på kartlegging av mineralar, ein effektiv og god mineral¬forvaltning og tilrettelegging for raskare planprosessar ved større mineralprosjekt er sentrale tiltak

Hovudsatsingar i tal:

  • 150 millionar kroner – styrke næringsretta forskinga i Noregs forskingsråd
  • 110 millionar kroner – styrke ordninga for etablerartilskot i Innovasjon Noreg
  • 50 millionar kroner – styrke Miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg
  • 40 millionar kroner – styrke den marine forskinga
  • 30 millionar kroner – vidareføre geofysisk kartlegging av mineralar
  • 20 millionar kroner – styrke Forny2020 i Noregs forskingsråd
Meir om budsjettet finn du på nettstaden www.statsbudsjettet.no

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler