Storkontrakt til Ulstein Verft

Publisert: 11.02.2011 kl. 09.20 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.01
SX148
SX148


Ulstein har inngått kontrakt på levering av eit offshore IMR/konstruksjonsfartøy av SX148-design til Eidesvik Offshore. Kontrakten vart vunnen etter tett samarbeid med Eidesvik Offshore og deira partnar Subsea 7, i hard konkurranse mot ei rekkje andre aktørar.

– Det er svært gledeleg at Eidesvik igjen vel Ulstein for framtidsretta og avansert tonnasje. Dette blir eit toppmoderne IMR/konstruksjonsfartøy for Nordsjøen som vi håpar Subsea 7 og deira kunde Statoil får stor nytte av, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

Jan Fredrik Meling, administrerande direktør i Eidesvik Offshore ASA seier dei er svært fornøgde med kvaliteten på leveransar frå Ulstein.

– Gjennom fleire tidlegare leverte nybygg frå Ulstein har vi opplevd eit godt samarbeid der kvalitetsbevisste og nyskapande medarbeidarar gjer sitt yttarste for å levere i forhold til avtalte mål. Vi er derfor særdeles fornøgde med å kunne tildele denne byggekontrakten til Ulstein, seier Meling.

Verftet og designmiljøet i Ulstein har jobba med dette prosjektet i meir enn to år. Salssjef Håvard Stave ved Ulstein Verft er glad for at Ulstein vann kontrakten:

– Saman med Subsea 7 og Eidesvik har Ulstein utvikla eit svært avansert og framtidsretta offshorefartøy. Vi har konkurrert mot dei beste aktørane i klassa, både når det gjeld kontraktørar, reiarlag, designarar og verft. Vi er enormt stolte over at Ulstein vart føretrekt, seier Stave nøgd.

Fartøyet er av designtypen SX148, som kan utføre avansert undervassarbeid som inspeksjon, vedlikehald og reparasjonar av oljeinstallasjonar på havbotnen. Vidare kan fartøyet jobbe med klargjering av olje- og gassbrønnar samt brønnstimulering.

Moonpoolen er plassert sentralt inne i hangaren på fartøyet, dette gir eit effektivt arrangement med eit godt og sikkert arbeidsområde innvendig på hovuddekk. Fartøyet er utstyrt med tre ROV-ar (undervassrobot); éin for observasjon og to for operasjon, og har eit eige MHS-system (module handling system).

Om bord er det også ei 100-tonns AHC offshorekran (aktiv hiv-kompensert). Krana skal i hovudsak nyttast til å løfte tungt utstyr ned til eller opp frå havbotnen. Det er også høgt fribord på fartøyet – det betyr i praksis at arbeidsdekket er høgt over vasslinja. Dette gir ytterlegare sikkerheit for mannskapet på dekk.

Fartøyet skal kunne utføre krevjande operasjonar også under vanskelege vertilhøve.

X-Bow skroglinjedesignen reduserer bevegelsar i skroget som følgje av høg sjø og det blir difor lettare å oppretthalde drifta.

På grunn av strenge operasjonskrav frå Statoil må ein ha gode back-up-system på mykje av utstyret og systema om bord. Skipet er også isforsterka og kan operere under arktiske forhold.

Fartøyet blir 106,5 meter langt og 24,5 meter breitt og kan oppnå ei fart på over 17 knop. Det vert innreidd for eit mannskap på 90 personar. Fartøyet skal i arbeid for operatøren Statoil når det er ferdig mot slutten av 2012.

Les mer om kontrakten til Subsea 7 her.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler