Største skip frå Ulstein

Publisert: 25.11.2013 kl. 07.11 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.01
Island Ventures II LLC tingar to store offshore konstruksjonsskip frå Ulstein, eitt av desse for bygging ved Ulstein Verft, eitt for bygging i USA.
Island Ventures II LLC tingar to store offshore konstruksjonsskip frå Ulstein, eitt av desse for bygging ved Ulstein Verft, eitt for bygging i USA.



Island Offshore og Edison Chouest Offshore bestiller to nye OCV-fartøy gjennom selskapet Island Ventures II LLC. Det eine skipet skal byggast ved Ulstein Verft, det andre i USA.

Ulstein Verft skal bygge eit nytt offshore konstruksjonsfartøy av type Ulstein SX165. Dette vert det største skipet i verftet si historie, og også den største enkeltkontrakten på eitt skip nokon gong. Skipet skal leverast 3. kvartal 2015.

– Vi er svært glade for å få lov til utvikle neste generasjons offshorefartøy saman med Island Offshore og Edison Chouest Offshore. Dei har solid erfaring og svært mykje kompetanse. Våre organisasjonar har tidlegare jobba veldig godt saman på nyskapande prosjekt. Vi ser fram til å levere eitt kvalitetsprodukt som reiarlaget kan nyte godt av i mange år framover, seier konsernsjef Gunvor Ulstein.

– Dette er eit krevjande og utfordrande byggeprosjekt som passar oss svært godt. Vi har ein solid organisasjon og eit stort engineeringsmiljø som skal utføre alt arbeidet med byggeunderlaget. Vi har eit verftsanlegg i verdsklasse og vi har ettertrakta design. Vi er klare for oppgåva, seier administrerande direktør i Ulstein Verft, Kristian Sætre.

Island Ventures II LLC bestiller også ein design- og engineeringspakke for bygging av eit skip av typen Ulstein SX165 ved Edison Chouest sitt eige verft i USA. I avtalen ligg det også inne opsjonar på fleire fartøy i USA. Det er første gang design frå Ulstein blir bygd ved eit amerikansk verft.

– Vi gler oss til å få desse fartøya inn flåten vår. Samarbeidet har vore godt på tidlegare byggeprosjekt og vi ser fram til å arbeide saman med Ulstein på bygginga av desse multifunksjonelle fartøya, seier konsernsjef Gary Chouest i Edison Chouest Offshore.

Island Offshore har frå før fire skip frå Ulsteini flåten. I tillegg har Island Ventures II LLC eit konstruksjonsskip under bygging ved Ulstein Verft som skal leverast juni 2014.

Det nyutvikla skipet har mange finessar. Det er 28 meter breitt og 145,7 meter langt og vil få innreiing for 200 personar. Skipet blir utstyrt med to offshorekraner som kan løfte høvesvis 400 tonn og 140 tonn. Det har ein stor moonpool på 11x12 meter og to mindre moonpoolar med ROV-ar (remotely operated vehicle) installerte i ein hangar sentralt i skipet.

Fartøyet har heile tre separate maskinrom for å gi ekstrem driftssikkerheit. Dersom ein større feil oppstår slik at det eine maskinromet fell ut av drift, vil skipet framleis ha att to tredjedelar av kapasiteten.

Det har vore stor fokus på helse, miljø og sikkerheit ved utvikling av skipsdesignen. Mellom anna vert skipa leverte i høve til det internasjonale regelverket MLC2006, som femner om betre komfort og sikkerheit for mannskapet. Fartøyet har fire livbåtar, to på kvar side. Skipet er vidare utstyrt med SCR katalysatorsystem for NOx-utsleppsreduksjon.

Island Offshore er eit reiarlag med hovudkontor i Ulsteinvik. Etablert i 2004 har det no nærare 30 skip i flåten, i hovudsak subsea/konstruksjonsskip, ankerhandteringsskip og plattform forsyningsskip.

Edison Chouest Offshore er eitt av verdas største offshoreselskap. Selskapet eig fem verft i USA og Brasil, og har meir enn 200 skip i flåten, mellom anna subsea/konstruksjonsskip, ankerhandteringskip og plattform forsyningsskip.

Ulstein har aktivitetar innan skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip, og tilbyr designpakkar og - løysingar. Selskapet har hovudkontor i Ulsteinvik.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler