Tilsette i Ulsteinkonsernet får årsbonus

Publisert: 18.04.2008 kl. 10.58 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.01

Konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulsteikonsernet er svært nøgd med resultatet for 2007. Det var eit svært hektisk år med full kapasitetsutnytting i alle selskapa i konsernet. Omsetning var på 1,97 milliardar kroner og eit driftsresultat på 194 millionar. Dette er det historisk beste driftsresultat Ulsteinkonsernet har oppnådd etter 1999. Dette medfører at alle tilsette i Ulstein Verft, Ulstein Design, Ulstein International og UMVH får ein årsbous på over 31 000 kroner for 2007.

Ulsteinkonsernet har dei siste åra brukt mykje av tida på å utvikle nye produkt og arbeidsprosessar. I løpet av 2007 leverte ein mellom anna omfattande design- og utstyrspakkar til verft og reiarlag i Spania, Kina og Dubai. Innan skipsbygging leverte ein i fjor tre skip, eit av desse Normand Seven vart kåra til Årets Skip 2007.

- I ei tid då mange verft slit med marginar er det ekstra gledelig at skipsbyggingsdelen vår viser solide tal. Forseinka leveransar på utstyr frå underleverandørar er eit kjent problem, trass i dette leverte vi alle våre fartøy til avtalt tid i 2007. Dette skuldast godt arbeid av alle våre medarbeidarar i konsernet, seier Gunvor fornøgd som opplyser at fram til 2010 skal ni nybygg leverast frå Ulstein Verft. I tillegg er det svært gledeleg at Design området vårt syner meget gode resultater.

Innan elektro har ein brukt mykje ressursar på utvikling av nye produkt, og ein ser at veksten i omsetnad har vore krevjande. Sjølv om ein har hatt tilfredstillande kapasitetsutnytting innan system og service, elektronikk, automasjon og installasjon, har ein ikkje greidd å oppnå positive resultat totalt sett.

Vidare er resultatet for 2007 også prega av gode resultat frå forretningsområdet shipping.

Systematisk og godt innovasjonsarbeid vil nesten alltid bere frukter direkte eller indirekte på lang sikt fortel Ulstein.

- Ulsteinkonsernet skal gå frå å vere ein sterk lokal aktør til å bli ein global spelar. Vi skal halde fram med innovasjonsarbeidet og skape nye og miljøvennlege løysingar. Vår hovudstrategi er internasjonal berekraftig vekst. Dersom vi skal halde fram med å vere konkurransedyktige er det heilt naudsynt at vi tek i bruk dei verkemidla som globalisering gjev. Vi har utvikla sterk kompetanse innanfor offshore. Vi arbeider med å styrke oss innanfor andre skipssegment, mellom anna innan heavy offshore og nærskipsfart, avsluttar Ulstein.

Ved utgangen av året var ordreboka på 6,7 milliardar kroner for Ulsteinkonsernet.

Ulsteinkonsernet sine hovudtal for 2007:

Driftsinntekter: 1,97 milliardar kroner (2006: 1,79 milliardar kroner)

Driftsresultat: 193,7 millionar kroner (2006: 37 millionar kroner)

Ordinært resultat før skatt: 240 millionar kroner (2006: 201 millionar kroner)

Det er gjort framlegg om eit utbytte på kr. 3,158 per aksje.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler