Ulstein-designa Walk-to-Work-skip får to-årsoppdrag

Publisert: 26.01.2018 kl. 15.54
SOV-skipet Acta Auriga ved dokk hos Ulstein. Foto: Ulstein
SOV-skipet Acta Auriga ved dokk hos Ulstein. Foto: Ulstein
SOV-skipet Acta Auriga, for tida under bygging på Ulstein Verft, skal arbeide for Ocean Breeze Energy GmbH (OBE) på deira havvindpark Bard Offshore 1. Skipet skal utføre logistisk støtte til OBE sine vedlikehaldsaktivitetar i vindmølleparken. ​Skipet er no i ein fase med utrusting og kommisjonering ved Ulstein Verft.

Det melder konsernet i eit presseskriv.

Serviceoperasjonsfartøyet (SOV) tek til i arbeid i andre kvartal 2018. Det 93,4 meter lange skipet vil operere ut frå Emden i Tyskland. 
Det er utrusta med ein rørslekompensert gangveg frå SMST med integrert heis og med kranfunksjonalitet. Fartøyet kan også utføre 3D-kompenserte løft med si seks-tonns 3D-kran frå SMST og er utstyrt med eit drivstoffeffektivt framdriftsanlegg. Det er utstyrt med gode lagerområde og integrerte logistikkløysingar, og trinnlaus tilgang til offshoreinstallasjonane.

Høg bustandard
Skipet kan ta 120 personar, fordelt på 80 lugarar. Den høge standarden på innreiinga gir eit optimalt arbeidsmiljø for teamet som bur om bord på skipet i samband med vedlikehaldet av Bard Offshore 1. 


Heilårsarbeid 100 km frå land
Med denne kontrakten vil Acta Marine syte for maritim og logistisk offshorestøtte gjennom heile året. Acta Auriga sitt ‘walk’to’work’-gangvegsystem og den 3D-kompenserte krana er i stand til å takle dei utfordrande ver- og sjøforholda som kan oppstå i den tyske sona i Nordsjøen, om lag 100 kilometer utanfor kysten. Tenestene som vil bli gjort av Acta Auriga vil bidra ytterlegare til den effektive og høgproduktive drifta av Bard Offshore 1 havvindpark.


Walk-to-Work SOV    
Fartøyet er basert på designet ULSTEIN SX195, og er utvikla spesielt for såkalla walk-to-work, som kan forklarast med ein trygg overgang gjennom ein gangveg frå ein marin plattform i rørsle til ein fast offshoreinstallasjon. I tillegg er skipet særskilt eigna for offshorelogistikk, utstyrstransport og overnatting med hotellstandard. Fartøyet kan operere under forhold der signifikant bølgjehøgde er opp til 3 meter. Med skroglinjeformene X-BOW og X-STERN vert operabiliteten og komforten forbetra. X-STERN minimerer slag og vibrasjonar frå sjøen når skipet opererer med hekken først, noko som er vanleg på offshorevindfarmar.


Vindfarmen Bard Offshore 1
Bard Offshore 1 er den første havvindparken i Tyskland, og har vore kopla til nettet sidan september 2013. 80 vindkraftgeneratorer i 5 megawattklassen har ein samla kapasitet på 400 megawatt - dette tilsvarar energiforbruket på meir enn 400 000 hushald. Havmølleparken ligg om lag 100 km nord for øya Borkum i den tyske delen av Nordsjøen og omfattar eit område på om lag 59 kvadratkilometer.
Ocean Breeze Energy GmbH & Co. KG er eigar og operatør av vindparken.
 

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler