Ulstein ferdigstiller offshorevindskip

Publisert: 16.11.2017 kl. 15.06
Acta Auriga har hekkforma X-Stern. Illustrasjon: Ulstein
Acta Auriga har hekkforma X-Stern. Illustrasjon: Ulstein
Skroget til Acta Marine sitt nybygg, Acta Auriga, har denne veka kome fram til Ulstein Verft. Fartøyet skal no ferdigstillast og SMST sitt oppdragsutstyr, rørslekompensert gangbru og 3D-kran, vil bli montert på skipet.

– Skipet er av ULSTEIN SX195-design, og skipstypen er eit konstruksjonsstøttefartøy til bruk i offshorevindindustrien. I løpet av dei komande månadene skal skipet bli utrusta og innreidd, testa og prøvekøyrd, fortel kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim i ei pressemelding frå Ulstein Group.

Nederlandske Acta Marine har ein allsidig flåte på over 40 fartøy. Det familieeigde selskapet starta opp i 1970 og opererer globalt i eit breitt spekter av maritime område.

Etter at skipet er levert, ved utgangen av første kvartal 2018, skal Acta Auriga slå følgje med Acta Orion, som er det andre fartøyet i Acta sin flåte dedikert til walk-to-work, offshorelogistikktenester og innkvartering innan offshore fornybar og offshore energibransjen. 

Kjenneteikn ved Acta Auriga:
• Sikker og trinnlaus person- og lastoverføring med rørslekompensert gangveg opp til Hs 3,0 meter
• 3D-rørslekompensert knekkbomkran for 6 tonns lasthandtering i sjøforhold opptil Hs 2,5 meter
• Optimal skrogform med ULSTEIN X-BOW® og ULSTEIN X-STERN® for arbeid ved ugunstige værforhold
• Toppmoderne hotellfasilitetar for inntil 120 personar
• 1 000 m2 dekkplass for lastlagring
 

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler