Ulstein lanserar X-Stern Extender

Publisert: 02.06.2015 kl. 08.06 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.01
X-Stern Extender
X-Stern Extender


X-Stern er allereie ein innovasjon som utvidar det operasjonelle vindauget og gir kapteinen eit val om å kunne sette akterenden, i staden for den høgare og større baugen, mot vind, bølgjer og straum når skipet skal vere på posisjon (DP). Den nyutvikla X-Stern Extender-løysinga kan bli nytta både ved ombyggingar og ved nybygg.

– Ulstein eit innovativt selskap som set pris på dei utfordringane som kjem frå olje- og gassindustrien. Vi likar å tenkje utanfor boksa. Det å løyse utfordringar, som det å redusere kostnadene som ligg i olje- og gassutvinning held oss skjerpa, slik at vi kan bidra til å vidareutvikle den maritime industrien, kommenterer Tore Ulstein, som er visekonsernsjef og sjef for Marknad og Innovasjon i Ulstein Group.

– Vi har no utvikla X-Stern vidare, og gjort eit konseptstudium der vi har sett på ein X-Stern som kan køyrast ut frå resten av skroget. Dette gjer at skipet sine operasjonsområde aukar. Det skjer ikkje berre ved at skipet kan bruke akterenden mot veret, men også ved å tilføre nye moglegheiter for å utføre arbeid ved at Extender, når den er køyrt ut, også inneheld ein stor moonpool. Dette er viktig når det gjeld sikkerheit i subseaoperasjonar. Skipet kan sette ned subseautstyr gjennom den utstrekte moonpoolen ved å bruke kraner eller ei A-ramme.

Det er gjort hydrodynamisk simulasjon (CFD) for vanlege bølgjeforhold for Nordsjøen. Resultata viser at rørslene i sjøen i moonpool er reduserte med 50% samanlikna med forholda utanfor moonpoolen, og at det ikkje kjem grøn sjø på dekk.

– Vi meiner ein moonpool i aktre del av skipet er ei betre løysing enn å skulle gjere subseaarbeid over skipssida, noko som kan vere risikabelt og som er svært avhengig av veret. Sjølv for eit subseafartøy som til vanleg har ein moonpool midt i skipet, vil ein få frigitt verdifullt og sentralt plassert dekksareal og skrogvolum ved at moonpoolen heller er plassert akterut.

– X-Stern Extender er tilleggsutstyr, og ikkje ein del av skipsstrukturen. Det er difor ikkje medrekna i skipet si totale lengde. Dette er viktig når det gjeld å kutte kostnader. Dødvekta, drivstofforbruket og dei operasjonelle kostnadene for eit fungerande subseaskip vil verte redusert. Eit positivt tillegg til desse operasjonelle aspekta er dei sentrale eigenskapane til X-Stern: Eit akterdekk som er beskytta mot veret, ekstra volum og mjukare rørsler.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler