Ulstein overraska med nytt brukonsept

Publisert: 29.08.2012 kl. 15.08 | Oppdatert: 18.10.2016 kl. 09.10
Ulstein ONS 2012
Ulstein ONS 2012


ONS/Stavanger: Asbjørg Giske

Ulstein overraska ein full kinosal på ONS med video av sitt nye brukonsept, som er designa i godt samarbeid med mange aktørar. Ulstein går på brua når dei no set ein uredd og innovativ ny kurs for framtidas maritime operasjonar. Med ein fokus på å skape betre, tryggare og enklare løysingar for mannskapet, har Ulstein utvikla Ulstein Bridge Vision™ - eit banebrytande og totalfornyande konsept som gir store forbetringar i styringa av skip. Det er søkt patent på løysinga.

Ulstein Bridge Vision™ er ei heil pakke med innovasjonar utvikla med brukaren i fokus, og omfattar mellom anna: Kontakt- og rørslestyrt infografikk på eller ved bruvindua; eit system som automatisk tilpassar seg til den enkelte brukar sitt føretrekte oppsett; og nyutvikla ergonomiske arbeidsstasjonar.

Tore Ulstein, som er sjef for marknad og innovasjon og styreleiar i Ulstein Group, forklarar at auka sikkerheit og forenkla løysingar har vore dei leiande prinsippa og drivkrafta bak utviklinga av Ulstein Bridge Vision™. - Samhandlinga mellom brukarane og dei komplekse brusystema har blitt lettare. Vi har lukkast i å nå målet vårt om å utvikle ei brukarvennleg bru med eit forenkla brukargrensesnitt, og eg trur at Ulstein Bridge Vision™ kan verte ein innovasjon på linje med X-BOW®-skroglinjeforma, seier han.

Innovasjon gjennom samarbeid

På grunn av omfanget og dei ambisiøse måla i prosjektet, såg ein raskt behovet for å «arbeide med dei beste for å oppnå det beste», og ein valte å samarbeide tett med ein utvalt partnar. Produktsjef for bru i Ulstein Power & Control, Arne Ove Rødstøl, forklarar korleis Ulstein sine ingeniørar etterspurde ekspertisen frå industridesignarar ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO). – Saman har vi skapt eit arbeidsmiljø på framtidas bru som sentrerer seg kring menneska som arbeider der. Konseptet femner både om utforminga av arbeidsplassane og om nye måtar å samhandle med brusystema på, seier han.

Teknologi med mennesket i sentrum

Heile utviklingsprosessen har vore styrt av ei tilnærming der brukaren har vore i fokus. Saman har AHO og Ulstein studert i detalj korleis sluttbrukaren – mannskapet – utfører oppgåvene på brua i ulike samanhengar. Med ei maritim erfaring som strekker seg tilbake til 1917, har Ulstein tilført verdifull innsikt om brukarane og deira tilbakemeldingar til analysen, og AHO sine forskarar la deretter til detaljar etter å ha vore om bord på offshoreforsyningsskip der dei observerte korleis mannskapet faktisk nyttar utstyret på brua. - Observasjonsprosessen resulterte i fleire interessante funn, som ein ikkje får avdekt gjennom vanleg feedback, som følgje av at brukarane sjølve ikkje er merksame på kva rørsler som vert gjort i ein kompleks arbeidssituasjon, seier Kjetil Nordby, assosiert professor ved AHO.

Eineståande ergonomiske forbetringar

Forholda for brukaren på arbeidsstasjonane på brua har vore eitt av dei viktigaste fokusområda i prosjektet. – Mennesket arbeider best når det kan skifte arbeidsstilling, der det kan variere mellom å sitje og stå eller gå – eller som ein ergonomiekspert sa det, «den neste posisjonen er den beste», forklarar Nordby.

Framtidas arbeidsstasjonar i Ulstein Bridge Vision™ gir eineståande ergonomiske forbetringar ved at ein innovativ manøverstoldesign med moglegheit for fleire ulike sittestillingar vert kombinert med ein ny, banebrytande konsolldesign. I tillegg kan den nye brua tilpasse både arbeidsplassen og programvareoppsettet til den enkelte brukaren sine spesifikke ønske. - Dei ergonomiske forbetringane i Ulstein Bridge Vision™ bidreg til å redusere trøttheit under lange avanserte operasjonar og vil auke mannskapet si evne til å konsentrere seg. Dette reduserer risikoen for ulukker, skade og helseproblem, hevdar Nordby.

Eit vindu mot framtida

Eitt element i løysinga er bruken av optisk projeksjon, der viktig informasjon kan bli vist direkte på bruvindua («full frame head-up display») på aktre bru, eller på store monitorar direkte under bruvindua på framre bru. Brukarane får tilgang til informasjon og kan styre systema gjennom bruk av intuitive kontaktkommandoar og rørsler.

Projiseringa av informasjonen gir brukarane alle relevante detaljar knytte til ein operasjon i deira sitt synsfelt, noko som aukar evna til å styre fartøyet trygt. Det lettar også koordineringa mellom mannskapet som utfører gjensidig avhengige operasjonar, då dei kan sjå den same informasjonen sjølv om dei er posisjonerte på ulike stader på brua. - Kapteinar seier ofte at den viktigaste informasjonen er den ein finn utanfor skipet. Med Ulstein Bridge Vision™ treng ein ikkje velje mellom informasjonen ute og inne av di ein kan sjå begge deler på same tid, seier Rødstøl. 

Systemet prioriterer kva informasjon som kjem opp avhengig av kva operasjon som er pågåande og kva situasjon skipet er i. Eksempelvis, når skipet er i transitt, blir informasjonen presentert på ei stor flate nedanfor vindua på framre bru. Ein kan også få opp sanntidsinformasjon («real-time overlay»), der ein på bruvindua kan få opp informasjon om operasjonelt kritiske oppgåver ved å syne element som brukaren ikkje kan sjå direkte, til dømes som følgje av skodde, mørke eller ved at elementa er gøymde bak objekt. Informasjonssystemet kan også gjere om brua til ein simulator anten for bruk ved øvingar eller som førebuing før ein kritisk operasjon.

Systemforenkling, sikkerheit og sofistikerte løysingar

Bruløysingane i Ulstein Bridge Vision™ er utvikla slik at installasjon er enkel, og brukargrensesnittet er intuitivt og identisk på alle systema på brua. I følgje Rødstøl er eit konsekvent system både tryggare og meir effektivt av di brukarane blir ekspertbrukarar på kortare tid og med mindre opptrening.

Ulstein Bridge Vision™ gir eit omfattande og forbetra rammeverk for å kunne operere avanserte fartøy, med stor fleksibilitet og komfort for mannskapet, noko som aukar deira operasjonelle effektivitet. - Det er ein bru-revolusjon meir enn det er ein bru-evolusjon, konkluderer Tore Ulstein.

Meir om konseptet i den trykte utgåva av Maritimt Magasin.

Kim Idar Giske

kim[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler