Ulstein skal byggje polarskip nummer to for Lindblad

Publisert: 28.02.2019 kl. 15.25
Ekspedisjonscruiseskipet er designa av Ulstein. Skipet skal byggast på Ulstein Verft med levering I 2021. Ill: Ulstein
Ekspedisjonscruiseskipet er designa av Ulstein. Skipet skal byggast på Ulstein Verft med levering I 2021. Ill: Ulstein
Ulstein Group skal byggje eit polarskip nummer to for Lindblad Expeditions Holdings, Inc.

Lindblad Expeditions Holdings, Inc. er ein verdsleiande leverandør av ekspedisjonscruise og opplevingsreiser. Reiarlaget har frå før ein skipsbyggingskontrakt på plass ved Ulstein Verft. Skip nummer éin, National Geographic Endurance, skal leverast i første kvartal 2020.

– Vi er svært nøgde med at Lindblad, ein verdsleiande aktør innan ekspedisjonscruise, igjen har valt Ulstein som designar og byggjar av det nye ekspedisjonscruiseskipet deira. Dette er ei tillitserklæring til alle våre tilsette, seier Ulstein sin konsernsjef, Gunvor Ulstein. Ho held fram:
– Lindblad er ein kompetent og erfaren kunde, og vi ser fram til eit fortsatt godt og konstruktivt samarbeid med dei.

Fartøyet blir bygd ved Ulstein Verft i Ulsteinvik, og er planlagt levert i tredje kvartal 2021. Polarskipet er systerskip til National Geographic Endurance, og har den høgaste isklassa (PC5 Category A) som har blitt tatt I bruk for spesialbygde passasjerfartøy, Det er utstyrt med Ulstein sin X-BOW®, som gir ei jamn og komfortabel reise sjølv ved høg sjø i mot, noko som også fører til auka drivstoffeffektivitet og reduserte utslepp.

Som systerskipet vil det nye skipet ha plass til 126 passasjerar i 69 romslege lugarar og suiter, og er designa for at gjestane skal kunne ha nær kontakt med naturmiljøet og vere ei ultimat plattform for utforsking. 75 prosent av lugarane har balkongar der ein kan nyte utsikta, der er fleire observasjonsdekk både inne og ute, og observasjonsvingar, noko som gjer at det omliggande miljøet til ei kvar tid vil vere tilgjengeleg.

Ekspedisjonar ut frå skipet er forenkla gjennom eit innovativt festesystem for gummibåtar, noko som gir rask og trygg tilgang til ein kvar destinasjon. Skipet har eit breitt utval av ekspedisjonsmateriell, til dømes kajakkar, langrennsski, ein fjernstyrt miniubåt, undervassmikrofonar, eit videomikroskop, undervassvideokamera med meir

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler