Ulstein-skipet Polarcus Alima gjennom Nordaustpassasjen

Publisert: 29.09.2011 kl. 11.00 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.01
Polarcus Alima
Polarcus Alima


Eitt av X-Bow-skipa som er designa av Ulstein, seismikkskipet Polarcus Alima, har nyleg tatt turen frå Atlanterhavet til Stillehavet via Nordaustpassasjen, også kalla den nordlege ruta.

Dette er den første kjente passasjen av eit 3D-seismisk fartøy langs den nordlege sjøruta.

Skipet la ut frå Hammerfest 15. september etter sluttføring av seismiske operasjonar i Barentshavet. Etter ni dagar og 3000 nautiske mil nådde skipet fram til Cape Dezhnev i Beringstredet. Skipet skal no vidare til New Zealand for å starte eit oppdrag der.

Polarcus Alima er eit moderne 12-streamers fartøy av designtypen SX134. Skip som skal kunne gjennomføre turen i Nordaustpassasjen må ha isklasse ICE-1A eller høgare.

Den forventa tidsinnsparinga på transitten mellom Noreg og New Zealand i høve til den tradisjonelle ruta gjennom Panamakanalen utgjer åtte dagar. Innsparingane samanlikna med å skulle gå gjennom Suezkanalen, som er naudsynt for ein del større seismikkskip, utgjer tretten dagar.

Førebuingane til siglasen vart gjennomført i nært samarbeid med Tschudi Arctic Transit AS gjennom sitt russisk-norske selskap Arctic Bulk AG, Atomflot og den nordlege sjørute- administrasjonen i Moskva.

Administrerande direktør i Polarcus, Rolf Rønningen, kommenterer transitten slik: – Den vellukka navigeringa av Polarcus Alima langs den nordlege ruta gjer at ein oppnår betydelege innsparingar i drivstoff, utslepp, og tid brukt på transitt. Dette gir Polarcus ei ny sjøbru mellom to viktige operasjonelle marknader.

Polarcus Alima vart X-Bow-fartøy nr 20 då det vart levert frå Drydocks World Dubai 21. mars 2011.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler