Ulstein vann pris på Nor-Shipping

Publisert: 02.06.2015 kl. 08.06 | Oppdatert: 16.10.2016 kl. 12.10
Tore Ulstein tek i mot prisen
Tore Ulstein tek i mot prisen


– Innovasjon er kjernen av det vi gjer, og vi er svært takksame for å få ei slik påskjøning, kommenterer konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group. – Offshoreindustrien opplever no ei nedgangstid, og olje og gass vil ein gong ta slutt. Vi veit ikkje kva vi kjem til å leve av 50 år fram i tida, men vi veit at vi kjem til å levere smarte og berekraftige løysingar for framtida.

Tore Ulstein, visekonsernsjef og leiar for områda marknad og innovasjon, held fram:

– Innovasjon er å tenkje utanfor boksa, og å utfordre aksepterte idear. Då vi lanserte X-Bow for ti år sidan, var det mange som kommenterte at baugen hadde ein uvanleg utsjånad, og mange tvilte på dei forbetra sjøeigenskapane. 100 X-Bowar seinare har skepsisen snudd til aksept, og fleire andre skipsdesignarar har utvikla sine eigne baugdesign. X-Stern er ein innovasjon som er vidareutvikla frå tankegangen som forma X-Bow. Denne hekkløysinga oppfører seg mykje som ein X-Bow, ved å beskytte arbeidsdekket, redusere rørslene i transitt og auke komforten om bord. Hekken har mindre volum, og dermed mindre utsett for vind, enn baugen, så kapteinen vil gjerne kome til å plassere hekken mot veret når skipet har nådd destinasjonen.

Next Generation Ship Award heidrar dei mest lovande designa til skip som kjem til å arbeide på sjøen i løpet av næraste tiår, og blir tildelt det prosjektet som kan vise til dei beste utviklingane og nytenkingane innan design. Då vert det sett på område som energieffektivitet, innovasjon, kor veleigna og fleksibelt det er, utnytting av eksisterande teknologi, sikkerheit og berekraft.

Valbare prosjekt er dei det er skrive kontrakt på utan at dei enno er leverte, eller at det er truleg at der kjem til å bli skrive ein byggjekontrakt innan dei neste ti åra. Ulstein har byggjekontrakt på dei to første skipa med X-Stern. Dette er offshorevindserviceskip av SX175-designet som skal byggjast av Ulstein Verft for Bernhard Schulte.

X-Stern er eit designinnslag for skip som skal kunne liggje på posisjon ved hjelp av dynamisk posisjonering (DP). X-Stern aukar driftssikkerheita (operabiliteten) gjennom positiv verknad på evne til å halde posisjon og bølgjerespons ved tøffe forhold. Utvikla for fartøy som er avhengige av best moglege rørsleeigenskapar, er X-Stern ein skrånande og høgare akterende med ei skarp hekkform der den flate endeplata er erstatta med ein spiss ende. Med X-Stern kan skipet halde seg på plass med hekken mot veret.

Kim Idar Giske

kim[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler