Ulsteindesign til Singapore

Publisert: 25.08.2014 kl. 08.08 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.01
PX121
PX121


Ulstein Design & Solutions har inngått ei omfattande kontrakt med Wuchang Shipbuilding Industry Co, Ltd. i Kina om levering av skipsdesign og utstyr til fire plattformforsyningsskip av designtypen PX121. Det er reiarlaget Otto Offshore Ltd. i Singapore som skal ha skipa, som alle skal leverast i 2016. Kontrakten femner også om ein opsjon på fire skip.

Plattformforsyningsfartøya (PSV-ane) er i stand til å støtte offshoreaktivitetar som blir utførte langt frå land og på djupare vatn. Fartøya er i fleksible i høve til kva last dei kan frakte. I tillegg til tankar for ulikt innhald som til dømes olje, vatn og borevæsker, har skipa fire rustfrie ståltankar for brannfarlege væsker eller etsande kjemikaliar (LFL-tankar). Skipa er sertifiserte av DNV og har mellom anna Clean Design-notasjonen.

Med ei lengd på 83,4 meter og breidd på 18 meter, har skipa eit lastedekk på 840 kvadratmeter og ein lastekapasitet på 4.000 tonn (dwt).

Skipa har ei maksimal fart på om lag 14,5 knop og har plass til 30 personar. Med X-Bow skroglinjedesign er skipa effektive på alle djupgangar, noko som er ein kritisk faktor for PSV-ar som ofte har varierande djupgangar. X-Bow har unike og dokumenterte kvalitetar i møtande sjø, ved at forma på baugen gjer at slag frå sjøen vert eliminerte, og påverknad på baugen, støy og vibrasjonar vert reduserte. Dette gir høgare yteevne, auka oppetid og redusert drivstofforbruk, samtidig som ein aukar komfort og sikkerheit. Skipa vil bli utstyrte med dynamisk posisjoneringssystem klasse II og oppfyller krava til Comfort Class.

– Vi ønskjer Wuchang Shipbuilding og Otto Offshore velkomne som nye kundar. PX121-fartøya har ei yteevne som ein normalt ville ha venta seg frå ein større PSV. Det å kunne yte så mykje, medan reduserte utslepp og drivstofforbruk gjer at kostnaden svarer til ein mellomstor PSV, gjer at reiarlaget får ein gunstig kombinasjon av to marknadsområde, seier Sigurd Viseth, som er administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions.

Otto Offshore er eit selskap i Otto Marine Ltd.

– Vi er svært glade for å samarbeide med Ulstein og Wuchang Shipbuilding på dei nyaste skipa våre, kommenterer Garrick Stanley, konsernsjef i Otto Marine. – Ulstein vart vald som designar for denne siste flåtefornyinga etter ein grundig analyse av marknaden og kundane våre sine behov i framtida. Vi ser fram til å få dei fire nye ulsteinfartøya i flåten vår tidleg i 2016 for å sette dei i arbeid over heile verda.

Kontrakten med Ulstein omfattar leveransar av design, engineering og hovudutstyr. Ein omfattande leveranse frå Ulstein Power & Control inkluderer integrerte kontrollsystem, bru (radio, navigasjon), tavler, dieselelektrisk framdrift og frekvensomformarar og kommunikasjonssystem .

Fartøya vil bli førebudde for offshorekran og eit mesanindekk for ROV (fjernstyrt miniubåt).

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler