Utviklar to nye hydrogendrivne skip

Publisert: 13.05.2019 kl. 11.35
I FLAGSHIP prosjektet ynskjer Norled å erstatte biodiesel med hydrogen på ei av ferjene som skal operera Finnøy-sambandet nordaust for Stavanger frå 2021.
I FLAGSHIP prosjektet ynskjer Norled å erstatte biodiesel med hydrogen på ei av ferjene som skal operera Finnøy-sambandet nordaust for Stavanger frå 2021.
Det europeiske innovasjonsprosjektet FLAGSHIPS er tildelt 5 millionar euro frå EU for å setja to hydrogenfartøy i kommersiell drift i Noreg og Frankrike. 

Grøn skipsfart er ein føresetnad for å nå nasjonale og internasjonale utsleppsmål. Skipsfarten er under press for å redusera skadelege utslepp, og brenselceller og hydrogen vert sett som nøkkelteknologiar i utviklinga av meir berekraftige transportløysingar.

NYBYGG FLAGSHIPS-fartøya er to nybygg, eit i Lyon i Frankrike og eit utanfor Stavanger. I Lyon vil ein hydrogen push båt operera for Compagnie Fluvial de Transport (CFT) på ei av landets mest krevjande elvar, Rhône. I Stavanger er intensjonen at hydrogen skal driva ei Norled-ferje på Finnøy-sambandet. Prosjektet er tildelt 5 millionar Euro frå EU gjennom programmet Fuel Cells and Hydrogen Joint Undertaking som er ein del EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horisont2020.

– Både EU og skipsfarten ser hydrogen som ein viktig bidragsytar i klimakampen. Dette innovasjonsprosjektet vil bli svært viktig for å demonstrera teknologien, eigenskapane og aksepten for maritime hydrogenløysingar, seier Hege Økland, dagleg leiar i næringsklynga NCE Maritime CleanTech deltar i prosjektet. NCE Maritime CleanTech var ein av initiativtakarane til hydrogenprosjektet, og alle dei fire norske deltakarane i FLAGSHIPS er med i klyngesamarbeidet.

FLAGSHIPS har som målsetnad at begge fartøya skal gå på hydrogen produsert frå fornybar energi. Drifta av fartøya vil dermed skje med null utslepp, og samtidig leggja eit solid grunnlag for å mogleggjera anna nullutsleppstransport både på sjø og land. Prosjektet skal også byggja opp eit europeisk nettverk som dekker leveransekjeder for hydrogen, skipsdesign og produksjonskunnskap, i tillegg til brei regulatorisk kompetanse.  

LEIANDE ROLLE Norled har tatt ei leiande rolle i utviklinga av nullutslepps ferjer. Dette innovasjonsprosjektet vil bli eit viktig neste steg i demonstrasjonen av maritim brenselcelleteknologi, både operasjonelt og kommersielt. Ved å byggja på eksisterande kunnskap frå andre pågåande hydrogeninitiativ rundt om i verda, vil prosjektet også bidra til ein betydeleg reduksjon i kostnadane for maritime brenselcellesystem, seier CEO i Norled, Sigvald Breivik. 

Prosjektet vil sjå på moglegheitene for å erstatta biodiesel med hydrogen på ei av ferjene som skal operera Finnøy-sambandet nordaust for Stavanger. Ruta tener fleire øyer med mange og korte stopp, noko som gjer det vanskeleg å få til den effektive ladinga som batteriferjer treng. Norled sin intensjon er å bruka same hydrogenteknologi som blir utvikla i selskapet sine andre hydrogenprosjekt, som blant anna bygginga av ferja som vil bli verdas fyrste skip drive av flytande hydrogen. 
 

I tillegg til EU-midlane, vil skipseigarane CFT og NORLED gå inn med betydelege investeringar for å få realisert fartøya.

LEIANDE TEKNOLOGIPARTNARAR FLAGSHIPS-prosjektet omfattar ei gruppe leiande industripartnarar som inkluderer skipseigarar, leverandørar av brenselcelleteknologi, samt ekspertar innan design av elektriske kraftsystem, produksjon, skipsdesign og energistyring. 

– Me står ovanfor eit komplekst og innovativt prosjekt. Me er svært glade for at EU-kommisjonen støttar dette utviklingsarbeidet, og me håper myndigheitene i Frankrike og Noreg vil følgja opp og bidra til implementeringa av desse hydrogenfartøya i deira farvatn, seier Director CFT Inland Transportation, Matthieu Blanc.

Konsortiet består av ni europeiske partnarar, med dei to skipseigarane  Norled (NO) og CFT (FR), samt den maritime teknologileverandøren ABB og designselskapet LMG Marin (NO & FR). Verdsleiande brenselcelleteknologi vert levert av Ballard Europe (DK) og fartøysovervakning av selskapet PersEE (FR). Prosjektleiing, kommunikasjon og ekspertise innan hydrogensikkerheit vert levert av VTT Technical Research Centre of Finland (FI) og NCE Maritime CleanTech (NO). Westcon Power & Automation (NO) vil også bli ein del av konsortiet i nær framtid. 

Prosjektet starta 1. januar 2019, og hydrogenfartøya vil setjast i drift i løpet av 2021. 

FLAGHSIPS-prosjektet er finansiert av Fuel Cells and Hydrogen 2 Joint Undertaking under tildelingsavtale 826215. Denne programmet er støtta av EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horizon 2020, Hydrogen Europe og Hydrogen Europe research.

 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen