Nytt blad

nyttbladNytt blad i salg nå! I Maritimt Magasin nr. 8/2010 kan du lese om ONS 2010 og SMM 2010, Solstad utvider flåten med Normand Baltic, Offshoresimulator til Haugesund og flere skipsleveranser og kontrakter for Kleven + mye, mye mer... Les mer
Du er her: Maritimt Magasin Nyheter Nyheter 2010 Trålerkontrakt til Myklebust

Trålerkontrakt til Myklebust

Skriv ut
Tråleren Prestfjord

Kleven Maritime har inngått kontrakt med Prestfjord AS om bygging av ein ny avansert hekktrålar designa av Rolls-Royce Marine med nemninga NVC 368. Fartyet skal utrustast ved Myklebust Verft i Gursken, leveringsdato er sett til 30. oktober 2011.

For Kleven Maritime er det særleg gledeleg at reiarlaget Prestfjord kjem attende til Møre, då dei i 1987 fekk levert trålaren Prestfjord frå Kleven Verft. – For dei tilsette i Kleven Maritime – og særleg Myklebust Verft – er dette særs kjærkome. Det er stor merksemd om marknaden og nye kontraktar i organisasjonen, så dette vert ei stor positiv hending for alle tilsette, kommenterer konsernsjef Ståle Rasmussen.

For reiar Ola Helge Holmøy er dette også ei gledeleg hending: – For oss er det svært hyggeleg å gjere ei kontrakt med Kleven og Rolls-Royce igjen, vi har lange og gode relasjonar med dei. For ein fiskebåteigar er det ein lang og omfattande prosess å få prosjektert og gjennomført bygging av den type fartøy som vi no har skreve kontrakt på. Det er spesielt gledelig å kunne konstatere at eit norsk verft er konkurransedyktig for bygging av denne type farty. Dei tilsette i Prestfjord AS ser fram til å kunne få eit nytt, moderne og effektivt farty. Dei har vist stor tålmod i påvente av eit framtidsretta farty som dei skal ha sitt daglige virke på. Reiarlaget ser derfor fram til den dagen fartøyet skal overleveres frå Kleven Maritime AS.

Nye Prestfjord vil bli ein ny generasjon miljøvenleg og driftssikker hekktrålar, der det er lagt stor vekt på miljø, optimale skrogliner med omsyn til stabilitet, fribord og ikkje minst sjøeigenskapar. Fartyet blir svært effektivt både som botn- og flytetrålar, og får ei miljøvennleg hybrid maskinløysing gjennom kombinasjonen av ordinær dieselmekanisk og dieselelektrisk framdrift. Enklare vedlikehald og minimalt støynivå er andre viktige faktorar. Særmerkt er også at all drift av vinsjar er elektrisk, inkludert heile 8 sweepevinsjar. Trålaren skal ha installert fabrikk og platefryseri, og har ei lengde o.a. på 63,1 m, breidde på 15,0 m.

Rolls-Royce leverer design, system for framdrift og manøvrering, dekksmaskineri og elektriske system.

Kontraktsverdien er på MNOK 250. Kleven Maritime har no ein ordrereserve på 11 skip til ein samla verdi på 5,7 mrd.
Del på Facebook