Ulstein bygger to til seg selv

Ulstein PX121

Ulstein Verft skal byggje to mellomstore plattform forsyningsfartøy av type Ulstein PX121 for eit nyetablert selskap i Ulstein Group. Fartøya skal leverast i 1. og 3. kvartal 2012.

– Vi har analysert marknaden for å gjere dei rette vala for konsernet. Vi har stor tru på at det vil bli etterspørsel etter denne typen mellomstore plattform forsyningsskip framover, seier konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein og held fram: – Ut frå kompetanse, kvalitet og benchmarking av pris, var Ulstein Verft konkurransedyktige, og det er hyggeleg at vi kan nytte vårt eige verft til å byggje dei første fartøya i serien. Ulstein Verft hadde attraktive leveringstider, og skipa vil vere ferdige på eit tidspunkt der marknaden vil ha behov for denne type tonnasje, seier Gunvor Ulstein.

Vi har hatt fokus på å få eit effektivt skrogsdesign og eit bevisst val av propulsjonssystem for å minimere drivstofforbruk og utslepp. Skipa vert bygde med X-Bow skrogdesign som er særs godt eigna for denne type fartøy då ein slik baug i godt vêr tilbyr same effektivitet som ein tradisjonell baug med bulb, men over ein stor variasjon i djupgåande. Dette er særs viktig for fartøy som opererer med varierande last slik som ein PSV ofte gjer. Når X-Bow i tillegg kan syne til eineståande eigenskapar med tanke på rørsle og framdriftseffektivitet i tung sjø, er dette eit positivt bidrag til både trivsel om bord og effektiviten, seier Tore Ulstein, som leiar Ulstein Design & Solutions området.

– Ordreboka til Ulstein Verft er no fylt opp til etter sommaren 2012. Dette er viktige kontraktar som bidreg både til å oppretthalde kompetansen og fylle opp kapasiteten i perioden, kommenterer administrerande direktør i Ulstein Verft, Karsten Sævik.

Skipa er optimaliserte for visse typar operasjonar, mellom anna er dei tilpassa krava for lengre og djupare borehol, og aktivitet lenger frå land. Skipa har ei lengde på 83,4 meter og breidde på 18 meter. Dei har eit lastedekk på 875 kvadratmeter og lastekapasitet på 4200 tonn (dødvekt). Med gode tankkapasitetar, arrangerte med omsyn til fleksibilitet og segregering, er dette fleirfunksjonelle skip som vil vere ypparlege for mange typar forsyningsoppdrag. Både skrog og framdriftssystem er bevisst valde for å vere svært godt eigna for Nordsjøen og nord-Atlanteren. Skipa tilfredsstiller blant anna krava til Clean Design, har behandlingssystem for ballastvatn, og er klargjorde for brannbekjemping klasse Fi-Fi 2. Ut over dei vanlege tankane for olje, vatn og borevæsker har skipa fire rustfrie tankar klassifiserte for å laste lettantennelege væsker, som til dømes metanol.

Skipet skal oppnå ei fart på minst 15 knop, men er optimalisert for lågt drivstofforbruk ved ei alminneleg hastigheit på 12 knop. Dei vert utrusta for 24 personar fordelt på 17 lugarar, og med moderne felles fasilitetar.

Dei to skipa vert bygg nummer 291 og 294 ved Ulstein Verft.