Normand Cutter (05/2004)

Publisert: 11.05.2004 kl. 08.29 | Oppdatert: 24.05.2017 kl. 15.39
Normand Cutter
Normand Cutter
- Ombygginga av «Normand Cutter» har vore eit pilotprosjekt. Skipet har vore gjennom ei omfattande ombygging, men det var tidsperioden ein hadde til rådvelde som var mest utfordrande. Heile arbeidet vart gjort på berre litt over seks månader. Dette fortel prosjektleiar Roar Riise ved Ulstein Verft AS.



5. desember 2003 kom kabelleggingsfartøyet «Normand Cutter» til Ulstein Verft i Ulsteinvik. I mai, noko over seks månader seinare, forlét det nye rørleggings- og konstruksjonsfartøyet Normand Cutter verftet. - Med den kjennskapen eg har til organisasjonen vår, var eg på førehand ikkje i tvil om at vi ville greie å få dette til. Den omfattande ombygginga vart gjennomført på svært kort tid, takka vere ein fantastisk innsats i alle ledd i produksjon, konstruksjon og prosjektstyring, seier Roar Riise.

EIT HEILT «NYTT» SKIP «Normand Cutter» står no fram i ny ham. - Heile 1300 tonn nytt stål skulle inn i skipet. For å få stålet raskt fram til Ulstein Verft, blei både Ulstein Verft si avdeling i Vanylven, og verfta Maritim Ltd. i Polen og Salthammer Båtbyggeri på Vestnes engasjerte til å bygge stålseksjonar. Desse vart nytta til sidetankar, kranfundament, ny boligmodul og ROV-hangar, fortel Riise.

KRANA DOMINERER - Den viktigaste delen av ombygginga var å få på plass ei 300-tonns kran på babord side. Det er ei aktiv heave-kompensert kran med ein éin-fallsvinsj, og er den største av sitt slag. Monteringa av krana var komplisert grunna dei store vektene på dei einskilde krandelane. Berre bommen med sylindrar veg 220 tonn, og totalt veg kraninstallasjonane kring 800 tonn. Eit nytt tavlerom som skal sikre straum til krana er også installert, seier prosjektleiaren. Kranbommen inneheld tre teleskop, som gjer at krana har 25-40 meters radius. I følgje kapteinen på «Normand Cutte», Geir Ove Olsen, legg skipet seg sju grader når ein svingar krana over ripa.

- For å kompensere for dette fekk fartøyet sett inn sponsoonar, sidetankar, på kvar side. Det gjer at fartøyet har vorte 3,6 meter breiare frå akterenden fram til styrehuset. Fire av tankane er knytte til eit automatisk anti-heeling system som tek til å rette opp att fartøyet ved 1 grads slagside. Pumper gjer at ballastvatn då vert pumpa frå eine sida av skipet til den andre med ein kapasitet på 2x1500 m3 i timen. Dermed tilpassar fartøyet seg kranrørslene ved operasjonar utanfor skutesida, forklarar assisterande prosjektleiar for innreiing, Marton Voldsund. Krana er godt fundamentert: Kransøyla på 50 tonn går frå hovuddekket og heilt ned til strukturen i botnen av skipet. Ein 300-tonns vinsj under dekk er tilknytt krana, og hydraulikkaggregatet for krana, «powerpack», er på 4400 kW. Powerpacken har eit arbeidstrykk på 320 bar. 25-tonnskrana som stod i skipet frå før har vorte flytta frå babord til styrbord side, og er oppgradert med ein ny og større vinsj og ein naudløysingsfunksjon.

SKIPET MÅTTE STYRKAST FOR DEKKLASTA Ei verkeleg stor utfordring var langskipsstyrken: - Med eit nytt krav om ekstra dekkslast måtte lastedekket i cirka 60 meters lengde forsterkast til å bere 10 tonn per m2. Basisskroget var tidlegare dimensjonert for 3 tonn per m2. Dette var ein svært krevjande jobb, mellom anna grunna vanskeleg tilkomst. Førstedekket vart styrka og spanteavstanden halvert, og dekka lenger ned er også forsterka. Ein del lokale tilpassingar måtte og gjerast. Teknisk vart dette løyst med god hjelp frå Det Norske Veritas sitt lokale kontor i Ulsteinvik, fortel Johan Moldskred, assisterande prosjektleiar for stål.

KAN UTFØRE UNDERSJØISKE OPERASJONER Tvers gjennom fartøyet er det implementert ein moon-pool for undersjøiske operasjonar. For å kunne utføre slike operasjonar er fartøyet sertifisert med dynamisk posisjoneringssystem (DP) IMO klasse II. Skipet har kraftige propellar og motorar til å kunne utføre DP-oppdrag: Det har to tunnelthrusterar forut, kvar på 1500 kW, ein azimuth forut på 1500 kW, to tunnelthrusterar akterut, kvar på 1200 kW, og to framdriftspropellar, kvar på 3900 kW. Skipet har to motorar à 3840 kW, og to motorar à 4320 kW. - DP-pultane er flytta frå framre til aktre bru, medan det har kome inn ein ny manøverstol og manøverpultar på aktre bru. Tre nye ROV-stasjonar for miniubåtar er installerte. To av dei er på kvar si side av akterdekket, medan det på dekket bak styrehuset er bygd ein eigen ROV-hangar for den tredje miniubåten. Alle miniubåtane kan køyrast samtidig om det trengst, seier Marton Voldsund.

KARUSELL FOR UMBILICAL Ved breiddeutvidinga av skipet vart det plass til ein omfangsrik rørkarusell på dekket.

- Karusellen går rundt med ei fart på 600 meter i timen, og navlestreng, «umbilical», blir brekka rundt trommelen. Karusellen har kapasitet til 2500 tonn rør, og minimum bøyemeter rundt trommelen er 16 meter. Umbilicals forsyner undersjøiske plattformer med det dei treng, fortel kapteinen. Ei rørlinje over dekket og bak over hekken fører navlestrengen ut i sjøen.

MED PLASS TIL FLEIRE OMBORD «Normand Cutter» kan no ta på seg fleire ulike typar krevjande oppdrag, oppdrag som medfører mange folk i arbeid. Det førte til eit behov for utviding av bueiningane om bord. Nye boligmodular med lugarar og kontor vart sette inn, og eit nytt og større kloakkreinseanlegg er montert. Skipet kan no føre 114 personar, mot 70 tidlegare. Som følgje av denne oppgraderinga måtte også eit nytt airconditionrom monterast.



EIN FRYD Å VERE PROSJEKTLEIAR Arbeidet tok eit halvt år. - Det har vore einskilde mindre forseinkingar undervegs, men dei henta vi inn att. Skipet har myldra av arbeidsfolk, og spesielt i kabeltankane der vinsjen og powerpack vart sette inn, var det som ei maurtue. Likevel har heile prosessen gått smertefritt. Det har vore ein fryd å vere prosjektleiar for denne prosjektgruppa. Oppdragsgjevaren vår, Solstad Shipping, har utruleg fleksible og dyktige folk i alle ledd, og eg ser fram til eit vidare godt samarbeid med dei, seier Roar Riise.
UTSTYRSLISTE
 
Varmevekslere:   Norco Oslo
Anti-heeling pumper:   Framo
Omvendt osmose system:   Enwa
Hovedtavler:   Ulstein Elektro
Transformatorer:   ABB
Dekksmaskineri: 2x tuggervinsjer á 10 t, hjelpevinsj for 2500 m wire, 380 t vinsj National Oilwell
Tuggervinsjer 2 stk   Hydrakraft
Offshorekran:   National Oilwell
Rov: 1x XS0, 1x XL 33 Trion
Vanntette dører:   IMS/Libra Plast
Overflatebehandling:   Vest Sandblåsing
DSB-flåter:   Koppernæs
Paneler:   Norac
Himlinger:   Norac Hydro Marine
Innredningsdører:   Baggerød
Baderomsmoduler:   Norac Ringebu
Garderobeskap.   Rovde Møbelfabrikk
Toalettsystem:   Jets Vacuum
Elektriske installasjoner:   Ulstein Elektro
 

Kim Idar Giske

redaksjon[a]maritimt.com

Lignende skip