Arbeidet med Stad skipstunnel held fram som planlagt

Publisert: 07.10.2022 kl. 13.19
Kystdirektør Einar Vik Arset og prosjektleiar for Stad skipstunnel Terje Skjeppestad framfor den planlagte tunnelopninga i Moldefjorden i nærleiken av Selje. Fotu : Kystverket.
Kystdirektør Einar Vik Arset og prosjektleiar for Stad skipstunnel Terje Skjeppestad framfor den planlagte tunnelopninga i Moldefjorden i nærleiken av Selje. Fotu : Kystverket.
I Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2023 er det løyvd 76 millionar kroner til Stad skipstunnel. – Løyvinga er i samsvar med det vi har spelt inn i budsjettforslaget vårt, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
 

I forkant av forslaget til statsbudsjett for 2023 var enkelte uroa for at skipstunnelen skulle bli utsett. Dette i samband med at Regjeringa, i ei krevjande tid, ser seg nøydt til bruke mindre pengar, noko som særleg rammar større samferdselsprosjekt. 

Men i staden stadfester Regjeringa at dei i forslaget til statsbudsjett for 2023 løyver 76 millionar kroner til arbeidet med Stad skipstunnel.  

– At prosjektet held fram, er som forventa ut i frå dei føringane vi har fått, og løyvinga er i samsvar med det vi har spelt inn i budsjettforslaget vårt, seier kystdirektør Einar Vik Arset, som stadfestar at arbeidet med skipstunnelen allereie er godt i gong. 

STORTINGET HAR VEDTATT BYGGING 
– Våren 2021 fekk vi oppdraget frå Samferdselsdepartementet om å starte førebuingane for bygginga av Stad skipstunnel og Stortinget vedtok bygging og finansiering i mai same år.  På det dryge året sidan den gong har vi fått bygd opp ein velfungerande prosjektorganisasjon og gjort mykje viktig grunnarbeid, som må på plass før sjølve tunneldrivinga kan starte, seier ptosjektleder for Stad skipstunnel Terje Skjeppestad. 

Dette grunnarbeidet omfattar mellom anna undersøkingar, ekspropriasjonar, reguleringsarbeid, planar for massehandtering, med meir. 

–  No jobbar vi intenst med tekniske spesifikasjonar og konkurransegrunnlaget for sjølve skipstunnelen, slik at vi kan få dette ut i marknaden på nyåret. Målet er å inngå kontrakt med ein hovudentreprenør ved årsskiftet neste år, som kan starte bygginga av verdas første skipstunnel i 2024, seier Skjeppestad. 

FORSKYVING AV INVESTERINGSPLAN 
Tidlegare i år fekk Kystverket aksept frå Nærings- og fiskeridepartementet på at steinmassane frå skiptunnellen skal nyttast til å skape ny næring i regionen. I kommunane rundt tunnelen er det mangel på stein, og ein har vore tydelege på at ein steinmassane kan vere med å skape ny næringsverksemd, anten ved at ein utvidar eksisterande hamner/næringsområde eller at ein bygger nye.  

Men å regulere nye næringsområde, spesielt i og ved sjø, er krevjande og tek tid. Dette har gjort at Kystverket må forskyve utlysinga av totalentreprisa for tunnelen med ca. seks månader, samanlikna med opphaveleg plan. 

– Dette har naturleg nok også innverknadar på investeringsplanen. Dei store investeringane inntreff ikkje før val av entreprenør og kontraktssignering er gjort, seier Skjeppestad.
 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler