Arbeidsmiljøprisen for 2015 til Harding

Publisert: 05.11.2015 kl. 14.08 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Prisutdelar Roar Storrø frå International SOS og resten av salen klappar for vinnaren av årets Arbeidsmiljøpris, Harding Safety. Frå v, Hilde Apeland, verneombod Seimsfoss, Karina Isaksen, nasjonal manager for kvalitet og HMS, Marit Bakke, global HMS-manager og Stein Teigland, hovudvernombod Ølve.
Prisutdelar Roar Storrø frå International SOS og resten av salen klappar for vinnaren av årets Arbeidsmiljøpris, Harding Safety. Frå v, Hilde Apeland, verneombod Seimsfoss, Karina Isaksen, nasjonal manager for kvalitet og HMS, Marit Bakke, global HMS-manager og Stein Teigland, hovudvernombod Ølve.


– Dette er ikkje noko HMS-ansvarlege aleine kan få til. Her er det snakk om at alle dreg i same retning, og då oppnår vi også resultat, sa Isaksen då ho takka for utmerkinga. I salen sat kring 150 deltakarar frå både privat og offentleg sektor, skriv Harding i ei pressemelding..

Det var i samband med den store HMS-konferansen i Haugesund - i regi av International SOS - at Arbeidsmiljøprisen for 2015 stod på køyreplanen. Ein pris etablert for å motivere verksemder til eit systematisk arbeid med HMS. Og ein pris som tidlegare har gått til store og små som set HMS i høgsetet. Som Eventyrhagen barnehage i fjor, og Sjøfartsdirektoratet for nokre år sidan.

– Vi meiner at Harding Safety sitt arbeid med HMS er eit døme til etterfølging, og det er ei glede for meg å dele ut årets pris til livredningsselskapet med hovudkontor i Kvinnherad, sa dagleg leiar i International SOS, Roar Storrø.

– Svært gledeleg. For oss er dette ei stadfesting på at den innsatsen vi har lagt ned gjev resultat.  Og for ei verksemd som lever av å selja tryggleik, er det ekstra kjekt at arbeidet vert lagt merke til av andre, seier global direktør for kvalitet og HMS i Harding Safety, Stig Berge-Soldal. Før han avsluttar:

– Når selskapet har ein slogan som seier: «Taking safety further", er det jo ekstra viktig at «We walk as we talk».

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler