MARITIMT
Avtaler for nybygg frå Ulstein
Publisert: 18.11.2014 kl. 12.01 | Oppdatert: 16.10.2016 kl. 18.55
Reiarlaget Golden Energy Offshore i Ålesund har inngått driftsavtalar for dei to plattform forsyningsskipa av PX121-design som Ulstein Verft byggjer for Blue Ship Invest. Skipa er klare for levering i første kvartal 2015.
PX121-designet frå Ulstein har vorte svært attraktivt sidan det første skipet starta i arbeid i 2012, og til no har 30 skip av denne typen vorte kontraherte av ulike reiarlag for bygging på verft kringom i verda. Mannskapa på dei leverte skipa gir særs gode tilbakemeldingar, mellom anna som følgje av komforten om bord og skipa si evne til å halde oppe operasjonell drift sjølv i dårleg vêr.
– I Golden Energy Offshore har vi alle driftsfunksjonar innanfor selskapet, og vi ser fram til å samarbeide med Blue Ship Invest, seier konsernsjef Per Ivar Fagervoll i Golden Energy Offshore.
Relaterte artikler
-
FS Cygnus døpes ved Simek lørdag
9 år siden -
Ulstein-designa skip frå verft i Brasil
7 år siden -
Stor kontrakt for Havyard på isbrytere
9 år siden -
Ulvan kontraherer hos Fiskerstrand
10 år siden -
Siem får kontrollen i Farstad Shipping
7 år siden -
Ny brønnbåt til Sølvtrans fra Aas Mek.
7 år siden
Kommenter denne artikkelen