Dei to første Havila-kystrutene er sjøsett

Publisert: 07.09.2020 kl. 12.38 | Oppdatert: 01.10.2020 kl. 19.15
Havila Capella på sjøen. Foto: Havila Kystruten
Havila Capella på sjøen. Foto: Havila Kystruten
Dei to første av Havila Kystrutens fire nye kystruteskip er no komne på sjøen. Kystruteskipa Havila Castor og Havila Capella vart sjøsett på Tersan-verftet i Tyrkia laurdag. Administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll, er sjølv i Tyrkia for å få med seg at skipa for første gong har saltvatn under kjølen.

No gler han seg over å sjå skipa flyte og ser fram til å få dei i drift.

– Det skal bli godt å kome i gang med å gi både folk langs kysten og turistane trygg transport og miljøvenleg seglas på verdas vakraste kystreise., seier han 

EFFEKTIVISERING AV BYGGEPROSESSEN
Eit halvår der koronapandemien også har påverka verftet i Tyrkia og bygging av dei nye kystruteskipa gjer at dei to første skipa ikkje er klare til nyttår slik planen var opprinneleg. Men Arild Myrvoll seier at med det ein veit no, ser det ut til at det kan bli levering i løpet av første kvartal 2021.
For å få mest muleg fortgang i byggeprosessen trass i utfordringane med koronasituasjonen, har skipa vorte ståande på land i lenger tid enn vanleg. Slik har ein fått effektivisert fleire arbeidsoppgaver. Det gjer at arbeidet med skipa som no er sjøsette har kome langt på veg når det gjeld rør, maskinar, elektrisitet og innreiing.

På tyrkisk vis er det også slik at skipa ikkje vert mala før til slutt. Difor er bygginga kome lenger enn det kan sjå ut til.

I påvente av dei nye skipa har Havila Kystruten fått godkjent to erstatningsfartøy, men etterspørselssituasjonen på kystruta mellom Bergen og Kirkenes for tida er svært usikker, og behovet for kapasitet ved oppstart av ny kontrakt 1. januar 2021 er under evaluering.  

GOD INTERESSE
Koronapandemien og reiserestriksjonar påverkar heile reiselivsbransjen, og det gjer det vanskeleg også for Havila Kystruten å vere konkret om kva som skjer neste år.

– Men vi registrerer med glede at det er god interesse for Havila Kystruten frå reisebyrå og turoperatørar. Vi har stor etterspørsel og gler oss til å kome i drift, seier Arild Myrvoll.

Når dei nye skipa til Havila Kystruten er på plass, får reisande mellom Bergen og Kirkenes segle med skip som går på LNG som kuttar Co2-utsleppa med 25 prosent mot tradisjonell framdrift, i tillegg til at skipa har verdas største batteripakkar. Det kan gi inntil fire timar seglas heilt utan utslepp og støy. Skipa har 179 romslege lugarar, og er utstyrte med norske møblar og interiør.

– Vi vil vise fram det beste Norge har å by på. Det gir oss både teknisk gode løysingar til å drive skipet og praktisk gode løysingar for dei som reiser med oss. 

FAKTA
-    Havila Kystruten er eit familieeigd, norsk reiarlag med hovudbase i Fosnavåg på Sunnmøre.
-    Havila Kystruten har avtale med Samferdselsdepartementet om å drive fire av dei elleve skipa som seglar den klassiske kystreisa mellom Bergen til Kirkenes frå 2021 til 2030.
-    Havila Kystruten bygger dei meste miljøvenlege passasjerskipa som skal segle på strekninga Bergen-Kirkenes. Skipa har mellom anna verdas største batteripakkar som gjer at dei kan gå i fire timar utan støy og utslepp. 
 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler