Dei første serviceskipa til havvindindustrien i Kina

Publisert: 28.01.2022 kl. 09.21
 Ulstein skal spesialdesigne SOV-skipa til den kinesiske havvindindustrien. Alle foto frå Ulstein.
Ulstein skal spesialdesigne SOV-skipa til den kinesiske havvindindustrien. Alle foto frå Ulstein.
Den 25. januar 2022 signerte Ulstein Design & Solutions AS og ZPMC-verftet i Kina ein designkontrakt på to ulike serviceoperasjonsskip (SOV) for havvind. Det er Shanghai Electric Windpower Group som skal ha skipa, som vert dei første spesialdesigna SOV-skipa til den kinesiske havvindindustrien.

Ulstein Design & Solutions og Shanghai Electric har med dette inngått eit samarbeid som gjer at dei vert blant dei første aktørane innan operasjons- og vedlikehaldstenester (Operations & Maintenance – O&M) i den kinesiske havvindindustrien.

Som dei første SOV-skipa i Kina har ein i designprosessen gjort seg nytte av den breie erfaringa Ulstein har frå havvindindustrien. Skipa vil vere av to ulike design, der begge er utstyrte med skrogformene X-BOW® og X-STERN®. Skipa vil ha plass til høvesvis 60 og 100 personar, og vil gjere Shanghai Electric i stand til å kunne tilby operasjons- og vedlikehaldsstøtte til sine sluttkundar. I utviklinga av begge skipsdesigna er det lagt vekt på optimalisering av yteevne, kapasitet og drivstofføkonomi. Skipa vil vere utstyrte med batteri for eit grønare karbonavtrykk når dei skal yte service innan fornybar energi-segmentet.

LEIANDE POSISJON
– Vi valte Ulstein ut frå den leiande posisjonen dei har innan havvindmarknaden, med erfaringa og prosjektreferansane, og at dei er til stades lokalt i Kina. Ulstein er ein dedikert aktør som har synt profesjonalitet og ekspertise i prosessen med å utvikle desse konsepta. Eit tett samarbeid mellom Ulstein, byggeverftet ZPMC og oss sjølve har gitt eit solid grunnlag for prosjekta, seier Ma Chengbin, administrerande direktør i Shanghai Electric sitt engineeringsselskap.

– Shanghai Electric er den leiande tilbydaren av havvindturbinar i Kina, og med desse to førsteklasses SOV-skipa kan vi gi auka verdi til klientane våre og bidra til eit tryggare arbeidsmiljø for kollegaene våre på sjøen

Med meir enn 50 prosent marknadsandel, er Shanghai Electric den største leverandøren av havvindturbinar i Kina. Selskapet er også ein stor aktør innan utstyrsproduksjon.

VIKTIG MILEPÆL
– Vi er svært glade for å kunngjere denne viktige milepælen saman med Shanghai Electric og ZPMC.  Samarbeidet med ZPMC-verftet går tilbake til 2012 då tungløftsfartøyet DLS4200, designa av Ulstein, vart bygd der, og i dag er tungløftsfartøyet JSD 6000, også eit Ulstein-design, under bygging ved dette verftet.  Vi ser fram til samarbeidet med ZPMC og Shanghai Electric. Vi set stor pris på å vere ein del av dette banebrytande prosjektet. Saman skal vi arbeide for å gjere framtida sikrare og grønare med berekraftige operasjonar, kommenterer Runar Muren, administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions AS.

Eit nytt kapittel i drifta av havvindparkar i Kina vert starta når ein no tek i bruk SOV-skip, som vil forbetre effektiviteten i servicearbeidet, inkludert konstruksjonsstøtte i etableringsfasen av havvindfarmar. Dei to skipa vert pålitelege og miljøvennlege plattformer, som gir komfortable arbeidsstader til sjøs. Teknikarane vert sikra ein trygg og trinnlaus tilgang frå fartøyet til vindturbinen, og det er rikeleg med lagringsplass og ein velorganisert logistikk om bord på skipet. 

– Vi set stor pris på at Shanghai Electric og ZPMC har valt Ulstein til å designe dei første SOV-skipa til Kina. Desse vil vere med på å sette ein standard for framtidas O&M-operasjonar i Kina. Vi har samarbeidd svært tett med klientane og våre kollegaer i Noreg, og vil halde fram med å bidra til å utvikle den kinesiske havvindindustrien, seier Johannes Røren, administrerande direktør i Ulstein Marine Services i Shanghai. 

ETABLERER SEG 
- Denne kontrakten markerer at Ulstein etablerer seg i den kinesiske havvindmarknaden. Ulstein leverte sitt første dedikerte design for havvindstøttefartøy til den europeiske marknaden i 2014 (Siem Moxie – no: Seaway Moxie). I åra etter har Ulstein designa og bygd fleire andre O&M-skip for havvindmarknaden, og har også utvikla Jones Act-tilpassa havvindskip for den amerikanske marknaden, avsluttar Runar Muren.
 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler