MARITIMT
Designkontrakt til Rolls-Royce
Publisert: 13.06.2015 kl. 13.17 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Dette er Rolls-Royce sin tredje båt av denne typen til Sølvtrans, dei to første vart levert frå eit verft i Spania. Kontrakta har ein opsjon på bygging av eit farty nummer to hos Kleven. Sølvtrans held til i Ålesund og er eit av verdas største brønnbåtreiarlag for transport av levande laks og aure. Kontrakta vart offentleggjort under feiringa av Kleven si 100-årsdag i dag.
Den nye brønnbåten er av Rolls-Royce design, type NVC 387. Fartyet er designa med tanke på optimale forhold for fisk og mannskap. Baugforma bidreg til å redusere bølgjemotstanden, slik at fartyet kan bruke mindre drivstoff, også i grov sjø.
– Sølvtrans bestiller farty med høge krav til teknologi og miljøløysingar. Vi er stolte over å bli valt på nytt når reirlaget skal fornye flåten sin. Vårt innovative skipsdesign vil gi god driftsøkonomi i tillegg til låge utslepp, seier Monrad Hide, salssjef ved designavdelinga til Rolls-Royce i Ålesund.
Brønnbåten får ein kapasitet på 3.200 m3, og kan frakte opp mot 500 tonn levande fisk fordelt på tre tankar. For å kunne frakte levande fisk effektivt og sikkert frå oppdrettsanlegg til fiskeforedlingsfabrikkar på land, trengs det romslege temperaturkontrollerte tankar i lasteromet på båten, med god sirkulasjon og gjennomstrøyming av vatn. Målet er at forbrukarane skal få fisken på bordet så fersk som råd. Båten vert ustyrt for transport i eit lukka system som ikkje gir utslepp til sjø, og tankane vert ustyrte med filter og system for oppsamling og destruering av lus.
I tillegg til design og engineering, skal Rolls-Royce også levere ein stor utstyrspakke med mellom anna thrusterar, ror og styremaskin, elektrosystem, automasjonsanlegg og vinsj.
Forventa leveringstidspunkt frå verftet er mars 2017 for denne siste kontraheringa.
Relaterte artikler
-
Brønnbåt med design fra Rolls-Royce
9 år siden -
Myklebust Verft skal bygge spansk trålar
7 år siden -
Sølvtrans erklærer opsjon med Kleven
7 år siden -
Ny kontrakt til Aas Mek Verksted
7 år siden -
Sølvtrans bygger flere hos Myklebust
3 år siden -
Ny kontrakt til Myklebust Verft
3 år siden
Kommenter denne artikkelen