Designkontraktar til Ulstein

Publisert: 20.03.2014 kl. 11.33 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
PX121
PX121


Ulstein har inngått kontrakt med Pacific Radiance Group, Singapore, på to plattform forsyningsfartøy av designtypen PX121 for bygging ved Shanghai Waigaoqiao Shipbuilding & Offshore Co. Ltd. (SWS Offshore).

– Kontrakten med Ulstein femner om design og ein omfattande utstyrspakke, og vi er takksame for desse nye ordrane, seier Ove Dimmen i Ulstein Design & Solutions, og held fram: – Det er flott å sjå at Shanghai Waigaoqiao har lukkast med å introdusere desse effektive og fleksible PSV-ane i marknaden.

I tillegg til reine PSV-oppdrag er desse skipa også førebudde for større innreiing og for installering av kran og ROV, noko som gjer at skipa skal kunne operere i IMR-marknaden.

Dei to fartøya er planlagde for levering i 4. kvartal 2015.

Det første fartøyet med PX121-design gjekk ut i arbeid i 2012. Dette designet har raskt blitt populært internasjonalt, då chartrerar og reiarar har oppdaga at desse fartøya imøtekjem dei typiske krava til eit plattform forsyningsfartøy samtidig som det er drivstoffeffektivt og har ein konkurransedyktig kombinasjon av fart og laste- og lossekapasitet.

– Ei oppsummering av tilbakemeldingane frå arbeidande skip av denne typen viser at dei har forbetra regularitet, lågt drivstofforbruk og er ein komfortabel arbeidsplass, som følgje av Ulstein X-Bow sine skrogeigenskapar og løysingane på maskineri og utrusting, seier Ove Dimmen.

Dette designet er eit eksempel på at Ulstein først byggjer ved eige verft og deretter sel det same designet til andre verft, noko som gir ein fordelaktig repetisjonseffekt.

– Det er hyggeleg å sjå at dette skipsdesignet har blitt etterpurt også i den utanlandske marknaden. Denne typen kontraktar sysselset designarar, engineerings- og prosjektmiljø i Ulstein, men det skaper også mange arbeidsplassar for underleverandørane våre. Den lokale verdiskapinga av desse kontraktane er betydeleg, då om lag 70% av verdien i kontraktane vert verande hjå norske aktørar, seier visekonsernsjef Tore Ulstein i Ulstein Group.

I september 2013 inngjekk Pacific Radiance Group kontrakt på to skip av same type. Kontrakten inkluderte opsjonar på to skip til, som no vert erklærte.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler