Endra leiing i Ulstein Group

Publisert: 29.11.2023 kl. 12.43
Gunvor Ulstein er tilbake som leiar i Ulstein Group. Foto: Ulstein.
Gunvor Ulstein er tilbake som leiar i Ulstein Group. Foto: Ulstein.
Konsernsjef i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti, har valt å  takke ja til ei ny moglegheit utanfor konsernet og seier dermed opp stillinga si. Tidlegare konsernsjef Gunvor Ulstein går inn som konstituert konsernsjef frå 29. november 2023.

Gunvor Ulstein har  tidlegare vore konsernsjef i Ulstein Group i nærare 22 år og representerer tredje generasjon i det familieeigde konsernet. Då ho gjekk av som konsernsjef i 2020, var det for å halde fram engasjementet sitt i Ulstein gjennom ulike styreposisjonar i konsernet og som styreleiar i Ulsmo, som er majoritetseigaren av Ulstein Group.

– Vi vil takke Cathrine for den innsatsen ho har lagt ned i Ulstein gjennom ni år, først som finansdirektør og dei siste tre åra som konsernsjef, og vi ønskjer henne alt det beste framover, seier Tore Ulstein, styreleiar i Ulstein Group.

GOD ORDREBOK
Ulstein har ei ordrebok på fem nybygg, fire CSOV-skip og ein kabelleggar, og har eit omfattande ettermarknads- og serviceprogram. Designselskapa våre leverer design for bygging over heile verda. Ulstein stadfestar med denne ordrereserven posisjonen sin som ei drivande kraft i den maritime industrien og er godt posisjonert til å fortsette å leie an i den maritime industrien i åra som kjem.

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler