MARITIMT
Fire nye PSVar til Blue Ship Invest frå Ulstein
Publisert: 08.06.2012 kl. 08.45 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Tru på marknaden, saman med svært gode tilbakemeldingar frå skip nummer éin i arbeid, gjer at Blue Ship Invest satsar vidare og tingar fire nye plattform forsyningsfartøy (PSV) av designtypen PX121 frå Ulstein. Alle er planlagde for levering i 2013.
Investeringsselskapet Blue Ship Invest fekk sitt første skip, Blue Fighter, frå Ulstein Verft i januar, og får overlevert skip nummer to i tredje kvartal. – Blue Fighter har vore i arbeid for oljeselskapet Apache i fleire månader, og vi har fått svært gode tilbakemeldingar frå Remøy Shipping som driftar skipet for oss. Tilbakemeldingane, saman med utviklinga innan PSV-marknaden, gjer at vi no kontraherer ein serie på fire nye PSV-ar frå Ulstein, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.
Gunvor Ulstein legg til at medan Ulstein sin ekspertise ligg i design, systemløysingar og konstruksjon av skip, så er drifting av skip utanfor satsingsområdet til konsernet. – Vi vil få i stand drifting av skipa, men eg understrekar at alle seks skipa er til sals, seier ho.
Skip nummer éin, Blue Fighter, har fått følgjande karakteristikk av kaptein Inge Gjelsten: – Eg har arbeidd på mange nye skip, men dette er det absolutt beste. Eit slikt type fartøy er mitt førsteval for Nordsjøen. Skipet utmerkar seg ved å vere effektivt og komfortabelt under alle vêrforhold. Vind og sjø har liten innverknad på framdrifta samanlikna med konvensjonelle PSV-ar. Vi kan samanlikne dette direkte når vi saman med andre går ut til oljefelta. Under same vêrforhold og 3-5 meter møtande sjø innanfor 30 grader på baugen, kan skipet vårt lett halde ein fart på 12-13 knop utan at komforten om bord går ned, medan dei andre skipa må redusere farta til 7-8 knop. Den høgare farta er eit resultat av X-Bow-effekten. I tillegg oppfører Blue Fighter seg svært bra med sjø og vind frå sida, som følgje av stabilitetstankane si plassering.
PX121 er eit mellomstort plattform forsyningsfartøy. Det har ei lengd på 83,4 meter, breidde på 18 meter, eit dekksareal på 875 kvadratmeter og ein lastekapasitet på 4200 dødvekttonn. Fartøyet har ei maksimumsfart på omlag 15 knop og lugarkapasitet for 24 personar.
Effektivitet og fleksibilitet har vore i fokus under utviklinga av denne designtypen. Skipet er tilpassa behova for djupare og lengre borehol og operasjonar lengre frå land. I tillegg til tankar for drivstoff, ferskvatn og borevæsker, har skipet fire tankar for brannfarlege væsker. Fartøyet er utstyrt med dynamisk posisjonering klasse II, og oppfyller DNV sine krav til notasjonane Clean Design og ICE-C. Skipet har også katalysatorrensesystem på alle fire hovudmotorar.
X-Bow-forma gir effektivitetsfortrinn ved ulike djupgangar, noko som er spesielt viktig for PSV-fartøy, då dei går med varierande mengde last. I tillegg har X-Bow unike fordelar i form av mjuke rørsler og framdriftseffektivitet i moderat til grov sjø. Både skrog og framdriftssystem gjer fartøyet spesielt godt tilpassa forholda i Nordsjøen og Nord-Atlanteren.
Relaterte artikler
-
Ulstein leverer Blue Prosper
12 år siden -
Blue Thunder er levert
11 år siden -
Blue Power levert frå Ulstein
11 år siden -
Ulstein sel alle Blue Ship-fartøya
11 år siden -
Ulsteindesign til Singapore
10 år siden -
To nye oppdrag til Ulstein Verft
10 år siden