MARITIMT
Fitjar bygg ny brønnbåt til Bakke-rederiet
Publisert: 27.04.2015 kl. 12.12 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Det er verftet Fitjar Mekaniske Verksted på Stord som skal bygge båten for Bakke-rederiet på Austevoll. Lerøy Seafood skal leige båten og dei blir også medeigar i den.
Båten får namnet «Seihav», og kostar 300 mill. norske kroner. Lastekapasitet vert 3.900 kubikk.
Dette vert ein stor og moderne brønnbåt, og som får heil- elektrisk framdrift frå Stadt AS . Hovedpropellen skal yte tett på 3.000 kW og vert forsynt med energi frå tre dieselgeneratorar.
I leveransen frå Stadt skal det leverast hovedtavler i 690 V, nødtavler, No-Loss drives, elektromotorar, Power Management System etc.
Hallvard Slettevoll i Stadt er svært glad for denne ordren, som blir nok eit interessant segment for selskapet i Gjerdsvika. – Det er gledeleg å sjå at ein del av Stadt leveransane no hamnar på norske verft. Tyngda av leveransane har i det siste gått til eksport, seier Slettevoll .
Relaterte artikler
-
Stor kontrakt i USA for Rolls-Royce
9 år siden -
KB Dykk bestiller hos Fitjar Mek.
9 år siden -
Hekktrålere med Rolls-Royce design
8 år siden -
Stadt leverer til luksusyacht
9 år siden -
Kontrakt til Solstads DLB Norce Endeavour
9 år siden -
Viktig kontrakt til Marin Teknikk
9 år siden