Første vindservicefartøy sjøsett ved Ulstein

Publisert: 28.04.2016 kl. 10.19 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 16.59
Frå sjøsettinga ved Ulstein Verft. Alle foto: Ulstein Group/Marius Beck Dahle
Frå sjøsettinga ved Ulstein Verft. Alle foto: Ulstein Group/Marius Beck Dahle


Det første skipet innan segmentet fornybar energi, og det første med den nyutvikla X-stern-hekken, er sjøsett frå Ulstein Verft. Serviceskipet til offshorevindindustrien er eitt av to som er under bygging for Bernhard Schulte Offshore, og skal arbeide for Siemens, går det fram av ei pressemelding.

Fartøyet skal arbeide ved offshore-vindparken Gemini utanfor Nederland.

 

Begge skipa er baserte på SX175-designet frå Ulstein, og er utstyrt med skrogelementa X-bow og X-stern, som bidreg til gode sjøeigenskapar når fartøya skal ligge stilt attmed vindturbinane ved overføring av serviceteknikarar via ein rørslekompensert gangbru.

 

Fartøya har kapasitet til 60 personar i enkeltlugarar, av desse er 40 lugarar dedikerte til teknikarar. Dei endelege detaljteikningane og utvalte utstyret til skipa er utvikla og spesifiserte i samarbeid med WINDEA Offshore GmbH & Co. KG, som er Bernhard Schulte Offshore sin samarbeidspart i offshorevind-prosjekt.

 

Offshorevind-industrien er ein industri i vekst. Den jamne og sterke havvinden er ein viktig ressurs som har potensial til å gi store mengder fornybar energi.

Berekraftig vekst er viktig for Ulstein. Ulstein Group har tidlegare levert skipsdesign til det fornybare energiområdet, men skipa til Bernhard Schulte Offshore er dei første servicefartøya til offshorevindindustrien som vert bygde ved Ulstein Verft.

Design- og skipsbyggingskontrakten på dei to SOV-ane vart underteikna  i 2015.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler