Fridtjof Nansen overlevert

Publisert: 20.12.2019 kl. 14.36
Det hyrbride ekspedisjonscruiseskipet Fridtjof Nansen er nyeste bygg fra Kleven Verft til Hurtigruten. Foto: Hurtigruten
Det hyrbride ekspedisjonscruiseskipet Fridtjof Nansen er nyeste bygg fra Kleven Verft til Hurtigruten. Foto: Hurtigruten
Kleven Verft har levert ekspedisjonsskipet MS Fridtjof Nansen til Hurtigruten. Overlevering med flaggskifte tok stad 20. desember.

Skipet blir levert så tidleg at Hurtigruten har bestemt seg for å lansere ei rekke eksklusive ekstraseglingar før den planlagde jomfruturen – til mellom anna dei britiske øyane og Norge. Men fyrst kjem MS Fridtjof Nansen til å bli liggande til kai ved Kleven verft utover nyåret, der Hurtigruten vil bruke tida fram mot dei fyrste seglingane i mars til opplæring og klargjering.
Søsterskipet MS Roald Amundsen vart levert i juni 2019. Design av begge skip er levert av Kongsberg Maritime AS.

– Det er berre å gratulere Hurtigruten med eit splitter nytt ekspedisjonsskip! Det er eit fantastisk skip vi har levert – denne gangen også. Eg er utruleg stolt og imponert over jobben som er gjort av våre dyktige medarbeidarar og samarbeidspartnarar. Det å bygge eit så avansert skip er litt av ein prestasjon, seier Kjetil Bollestad, administrerande direktør i Kleven Verft, i eit presseskriv.

MS Fridtjof Nansen er søsterskipet til MS Roald Amundsen, og dei er verdas fyrste hybriddrevne cruiseskip. Begge er bygde ved Kleven Verft i Ulsteinvik, og skal segle på ekspedisjonscruise for Hurtigruten – som er verdas største ekspedisjonscruise-reiarlag.

– Sidan i sommar har vi hatt ei utruleg god framdrift i byggeprosessen. Det er komplekse skip å bygge med mykje meir logistikk enn eit offshore-skip. Vi lærte mykje av å bygge det fyrste skipet, samtidig som vi gjorde ein del tiltak internt for å få betre kontroll på heile gjennomføringa. Dette har vore avgjerande for framdrifta av skip nummer to. Å levere framifrå kvalitet er utruleg viktig for oss, og vi er trygge på at det har vi gjort, seier Bollestad.

– Underleverandørar, Hurtigruten og Kleven har alle hatt eit veldig godt samarbeid, og jobba mot eit felles mål - med tanke på kvalitet og leveringstid. Alle har særs god grunn til å vere stolte over jobben som er gjort, legger han til.

Jomfruturen for MS Fridtjof Nansen var opphaveleg planlagd frå Hamburg 1. april 2020. Etter ein vellykka prøvetur og stadfesting av leveringsdato, bestemte Hurtigruten seg for å legge til ei rekkje nye ekspedisjonscruise før den planlagde jomfruturen.

Kleven ser framover

I ordreboka til Kleven ligg det etter levering av MS Fridtjof Nansen to store ombyggingskontrakter. Det bygges om eit trål/snurrevad-fartøy for NordnesGruppen, og ein lekter for Boa Barges AS. Begge skal bli levert i 2020. I tillegg jobbast det med fleire moglege prosjekt. Det blir også jobba aktivt med å få nye eigarar av verftet på plass.

 

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler