Gjennombrot for Kleven ORN i Brasil

Publisert: 12.08.2014 kl. 10.53 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Trond Liavaag, Jan Tore Linstad, Stig Mandrup, Christiane de Lamare
Trond Liavaag, Jan Tore Linstad, Stig Mandrup, Christiane de Lamare


Kleven ORN har inngått ein langsiktig kontrakt med Kongsberg Maritime si verksemd i Brasil om produksjon og testing av utstyr. Utstyret skal inngå i Kongsberg Maritime sine systemleveransar til den brasilianske marknaden.

– For Kleven ORN er dette eit gjennombrot, seier Trond Liavaag, adm.dir. i Kleven Maritime Technology. Kleven ORN har sidan oppstarten i 2012 utført service på elektro- og elektronikkutstyr om bord i offshorefartøy som opererer utanfor Brasil. Avtalen med Kongsberg inneber at ein no utvidar aktiviteten frå rein service til å også omfatte produksjon. Dei første ordrane omfattar leveranse av utstyr til fleire boreskip og boreplattformer som er under bygging i Brasil.

– Kongsberg er ein svært interessant samarbeidspartnar med si verdsomfattande verksemd. Oppdraget vert ein viktig referanse for Kleven ORN, og er eit godt døme på at samarbeid og gode relasjonar i heimemarknaden gjev styrke også internasjonalt, seier Liavaag.

Kleven ORN har ca 20 tilsette, og held til i Niteroi utanfor Rio, Brasil. Selskapet er eit fellesforetak mellom Kleven Maritime Technology (eit samarbeid mellom Kleven og Hareid Group) og det brasilianske serviceselskapet Offshore Reparos Navais.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler