Gjennombrot for ny teknologi frå Rolls-Royce

Publisert: 04.02.2011 kl. 10.00 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.01
Ny gassferge
Ny gassferge


Rolls-Royce har signert kontrakt med Torghatten Nord AS om levering av gassmotorar og framdriftssystem til fire nye ferger. Kontrakten har ein verdi for selskapet på ca 200 millionar kroner.

Desse gassfergene vil verte dei første som tek i bruk det nyutvikla Hybrid Shaft Generator (HSG) frå Rolls-Royce. HSG er eit avansert elektrisk system som opnar for mykje meir fleksibel bruk av fart på motor og propellar, slik at effekten vert maksimal og drivstoff-, CO2- og NOx-utslepp reduserast.

Fergene vil også ha gassmotor og integrert ror- og propellsystem (Promas) frå Rolls-Royce. Desse innovative systema og produkta fører samla til ein reduksjon i CO2-utslepp på ca 40%, samanlikna med konvensjonelle fartøy.

– Vi er svært glade for at Torghatten Nord AS har valt denne løysinga. Rolls-Royce er ein verdsleiande leverandør av energieffektiv teknologi som set operatørane av fartøya I stand til å møte dei miljømessige utfordringane dei står over for. Desse fergene vil innehalde nyutvikla teknologi som gjev betydelege forbetringar i drivstoff-forbruk og dermed ein betydeleg reduksjon i utslepp, noko som gjer desse fergene til nokre av dei mest miljøvennlege fergene i verda, seier Oddbjørn Eliassen, konserndirektør Merchant i Rolls-Royce.

Eigaren, designarane og verftet ville alle ha ein leverandør av system og utstyr, og valde Rolls-Royce si løysing.

Kontrakten inkluderer også eit integrert automasjons- og kontrollsystem, utvikla spesielt for LNG-drivne skip.

Dei fire fergene skal trafikkere to samband over Vestfjorden i Nordland, Bodø – Moskenes og Bogneset – Lødingen. Fergene skal byggast ved Remontowa-verftet i Gdansk, Polen, og skal leverast i andre halvdel av 2012.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler