MARITIMT
GulenSkyss AS kjøper Florø Skyssbåter
Publisert: 08.01.2024 kl. 09.08
Frå venstre Frode Sønstabø, Paal Skorpen og Per Vold. Bak står styreleiar i GulenSkyss, Arvid Andenæs. Foto: GulenSkyss.
GulenSkyss AS kjøper Florø Skyssbåter. GulenSkyss AS held til i Eivindvik i Gulen kommune. Florø Skyssbåt AS har sitt hovudkontor i Florø. Overtakingsdato er satt til 15. februar 2024. Verksemda i Florø vil halde fram som tidlegare og Paal Skorpen vil leie denne delen av verksemda som no blir eit heileigd dotterselskap av GulenSkyss AS.
GulenSkyss AS driv passasjertrafikk, ferjeruter og ambulansefartøy på Vestlandet. Reiarlaget opererer per i dag sju fartøy i faste oppdrag og har totalt 36 faste tilsette. Operasjonsområde strekkjer seg frå Bømlo i sør til Bremanger i nord.
Florø Skyssbåt AS har sitt hovudkontor i Florø og driv passasjertrafikk og losbåttenester ut frå Florø. I tillegg driv dei ein del chartertrafikk.
FYRSTE HEILELEKTRISKE
Frå 1.mai 2024 startar reiarlaget opp sitt fyrste heilelektriske passasjerfartøy som skal trafikkere ut frå Florø til øyane i vest på vegne av Norled AS. Reiarlaget har i dag seks fartøy, der fire fartøy er i faste ruteoppdrag/losteneste, og 15 fast tilsette.
Dei to eigarane, Paal Skorpen og Per Vold er nestorar i næringa og har bygt opp sine selskap frå botnen av. Båe selskapa har hatt god vekst og levert solide økonomiske resultat over tid. At dei to no finn saman er eit resultat av samtaler over lang tid.
For dei to eigarane har det også vore viktig å finne ei god regional løysing. Paal Skorpen uttaler at det har vore viktig for han å finne ei løysing som sikrar vidare drift av selskapet med basis i Florø.
GOD OVERGANG
– At det er GulenSkyss som kjem inn gjer meg trygg på nettopp dette, og eg vil sjølv vere med å sikre ein god overgang.
Dagleg leiar i GulenSkyss AS, Frode Sønstabø blir øvste leiar for dei to selskapa, og er svært nøgd med at oppkjøpet no er på plass.
– Florø Skyssbåt eit svært veldrive selskap som vi er audmjuke over å få lov å drive og utvikle vidare i samarbeid med Paal. Dette gjer vi også fordi vi ønskjer å stå sterkare i samband med å delta i større anbod.

Relaterte artikler
-
Evoy får EU-støtte til å bygge nytt hovedkvarter
1 måned siden -
Bygger sin første ambulansebåt
6 år siden -
Slår seg saman og dannar nytt selskap
6 år siden -
Rosteins nye flaggskip Ro Server døpt
8 år siden -
13 fikk landstrømstøtte fra Enova
8 år siden -
Subsea 7-kontrakt sikrer arbeid i Florø
9 år siden