Gunvor Ulstein tilbake som konsernsjef i Ulstein Group

Publisert: 30.01.2024 kl. 09.20
Gunvor Ulstein representerer tredje generasjon i Ulstein Group og har hatt fleire stillingar i Ulstein. Foto: Ulstein.
Gunvor Ulstein representerer tredje generasjon i Ulstein Group og har hatt fleire stillingar i Ulstein. Foto: Ulstein.
I november 2023 kom den tidlegare konsernsjefen i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, tilbake som konstituert konsernsjef. I eit styremøte i Ulstein Group den 25. januar 2024 vart ho utnemnd som konsernsjef i Ulstein Group.

Tore Ulstein er styreleiar i Ulstein Group, og han er nøgd med at Gunvor tek på seg rolla som konsernsjef. 

TREDJE GENERASJON 
– Gunvor Ulstein representerer tredje generasjon i Ulstein Group. Ho har hatt fleire stillingar i Ulstein, men allereie som 29-åring i 1999 tok ho på seg toppleiarrolla, ei stilling ho hadde i nesten 22 år, fram til 2020. Gunvor representerer kontinuitet, og ho har leia konsernet gjennom oppturar og nedturar.

– Ulstein sin strategi er berekraftig vekst, internasjonalisering og innovasjon. Vi er ein solid og langsiktig partnar, som bidreg til at kundane våre får auka konkurransefortrinna og redusert risikoane dei møter. 

MEIR ENN HUNDRE ÅR 
I meir enn hundre år har Ulstein levd opp til forventingar i marknaden, og har vore nytenkande og nyskapande. Med skaparglede skal vi kombinere ferdigheiter, kunnskap og kreativitet for å kome med nye konsept, løysingar og produkt som kan løfte den maritime sektoren inn i framtida. Gunvor Ulstein er opptatt av å skape resultat saman med alle våre dyktige tilsette. Vi er trygge på at ho vil spele ei nøkkelrolle i å realisere Ulstein sitt potensial i åra som kjem, konkluderer Tore Ulstein.
 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler