Havila har funne verft til dei to siste kystruteskipa

Publisert: 13.02.2020 kl. 10.54
Havila Kystruten skal frå 2021 drifte fire av dei elleve skipa som seglar den klassiske sjøreisa frå Bergen til Kirkenes. Illustrasjon: Havila Kystruten
Havila Kystruten skal frå 2021 drifte fire av dei elleve skipa som seglar den klassiske sjøreisa frå Bergen til Kirkenes. Illustrasjon: Havila Kystruten

Havila Kystruten har inngått kontrakt med det tyrkiske verftet Tersan om bygging av dei to siste kystruteskipa.

Byggestart er i løpet av få veker, melder Havila på sin nettside.

Havila Kystruten skal frå 2021 segle den klassiske sjøreisa mellom Bergen og Kirkenes med fire skip. På grunn av økonomiske problem ved det spanske verftet Barreras stoppa bygginga av dei to skipa der opp. Dei to andre skipa er under bygging ved Tersan i Tyrkia, og det er også det verftet som no får kontrakt på å bygge skip tre og fire. Byggestart er i løpet av få veker og planlagt levering er i slutten av 2021.

Administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll, fortel at Tersan har kapasitet til å starte raskt i tillegg til at dei har alt av underlagsmateriell og erfaring med dei to første skipa.

– Og det vi ser på Tersan når det gjeld bygging av dei to første skipa ser veldig bra ut. Dei held framdriftsplanen og kvaliteten på arbeidet er godt, uttalar Myrvoll i saka på Havila sin heimeside.

Det blir opplyst om at alle dei fire skipa på Tersan er fullfinansierte.

Ei periode med erstatningsfartøy

Myrvoll seier dei økonomiske problema til Barreras og byggestansen ved det spanske verftet har påført Havila Kystruten fleire utfordringar som vil påvirke drifta i første fase.
– Vi får ferdige to nye skip som skal gå frå januar 2021 og som vil gi passasjerane våre den mest miljøvenlege seglasen langs norskekysten. I påvente av dei to neste skipa vil vi måtte bruke erstatningsfartøy, men uansett skip skal vi gi god og trygg transport og innfri det som er forventa av oss.

Havila Kystruten har fleire konkrete kandidatar til erstatningsfartøy som dei har inspisert, og rederiet er i pågåande kommersielle samtalar med aktørar.

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler