Havila Jupiter blei årets spot-fartøy

Publisert: 02.05.2022 kl. 11.54
Havila Jupiter har fått tildelt utmerkinga «Årets spot-fartøy» frå Equinor. Foto: Havila.
Havila Jupiter har fått tildelt utmerkinga «Årets spot-fartøy» frå Equinor. Foto: Havila.
Havila Jupiter har fått tildelt utmerkinga «Årets spot-fartøy» frå Equinor. Morten Sundt, leiar for maritime operasjonar i Equinor fortel dei har mange gode fartøy i arbeid, og at dei gjennom desse utmerkingar ønskte å trekke fram fartøy som leverer ekstra godt.

Equinor sin strategi er «Alltid sikker, Høy verdi og Lav karbon», og dette speglar utmerkingane dei deler ut, og for Havila Jupiter kjem ein inn under «Alltid sikker».

På tildelinga står det at «Mannskap og fartøy utpreger seg gjennom sikkert arbeid, gode leveranser og godt samarbeid med fartøy/befrakter/rederi.»

– Her handlar det om samhandling mellom fartøy, reiarlag og befraktar der det er god takhøgde, open dialog og eit reiarlag som er involvert i operasjonane på ein god måte. 

MANNSKAPET SOM KVALITETSFAKTOR
Administrerande direktør i Havila Shipping, Njål Sævik, seier det sjølvsagt er stas å få ei slik tildeling.

– Og det er spesielt kjekt at ein her får fram kvaliteten på innsatsen frå mannskapet vårt både på sjø og land. Det er ikkje nok berre med gode fartøy skal vi levere gode tenester til operatørane. Mannskapet om bord er ein kvalitetsfaktor, og det er kjekt å sjå at Havila-standarden blir lagt merke til og sett pris på av ein stor aktør som Equinor. 

Havila Jupiter er ein 92 meter lang ankerhandterar, designa av Havyard og bygd av Havyard Leirvik i 2010. Sævik fortel Havila Jupiter har opparbeidd seg eit godt rykte i marknaden som ein habil ankerhandterar med mannskap som er dyktige på samhandling, akkurat slik utmerkinga frå Equinor seier. 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler