Havila Shipping utdannar matrosar

Publisert: 03.11.2022 kl. 11.18
Tommy Nilsen er ein av dei som no er på veg til å bli matros hos Havila Shipping. Foto: Privat.
Tommy Nilsen er ein av dei som no er på veg til å bli matros hos Havila Shipping. Foto: Privat.
Det er skrikande mangel på matrosar i sjøfartsnæringa, og Havila Shipping bøter på mangelen med sin eigen «matros-skule» der dei gir matrosar opplæring med løn.

Administrerande direktør i Havila Shipping, Njål Sævik, seier mangelen på matrosar er noko som gjeld heile bransjen, og at også Havila Shipping opplevde utfordringar med å rekruttere nye matrosar. I tillegg har Havila Shipping mange erfarne matrosar som har segla over lang tid og dei komande åra vil reiarlaget stå føre eit generasjonsskifte.
– Vi såg at ein måte vi kunne sikre oss nok dugande matrosar for framtida på, var å lære dei opp sjølve.

Havila Shipping har om lag ti «elev-plassar». Desse seglar med Havila Shipping som lettmatrosar. 

– Vi hadde mange titals-interesserte då ordninga kom i gang, og er glade for gode folk som no er i gang med opplæringa.

VARIERT ARBEID
To av dei er Tommy Nilsen frå Hammerfest og Kjetil Rekkedal frå Ørsta. Dei er på kvart sitt skift på ankerhandteraren Havila Jupiter.

Tommy Nilsen fortel han har jobba på sjøen heile sitt liv, men at denne sjansen til å få løyst ferdigheitssertifikat var freistande. 
– Og det å vere matros er kjempefint. Ingen dagar er like og eg har mange flinke kollegaer som hjelper til og eg får samarbeide med. I tillegg er offshore ei spennande næring og eg ser føre meg å halde fram her.

Kjetil Rekkedal har vore motormann-lærling og er slett ikkje framand for offshore-livet.

– Men eg kom til at eg trivest best ute i frisk luft og på dekk. Eg liker fysisk arbeid og variert det varierte arbeidet som matros. Det er noko nytt kvar tur og det er skiftande ver og ulike årstider – og så får ein no sett litt av verda også. 

Begge peiker i tillegg på fordelane med at tidlegare erfaring vert teke inn i utdanningsløpet og at dei dermed får kortare opplæringsperiode. 

LØN UNDER UTDANNING
Som lettmatros under opplæring til matros får du løn og dei kursa du treng. Du forpliktar deg til å segle med Havila Shipping under heile opplæringsperioden og dersom du avbryt opplæringa, må du betale for kursa du har teke. 

Dei som er aktuelle for opplæring er personar med minst seks månaders relevant erfaring frå tidlegare arbeid på dekk, skule, sjømilitær teneste eller liknande. Alt etter kva tidlegare erfaring du har vil opplæringa til matros ta inntil 18 månader. På den tida får du vere med på arbeid saman med matrosane som er om bord. Lettmatrosane under opplæring har også ein rådgivar med opplæringsansvar som sørger for at ein har gått gjennom og får godkjent på dei ulike oppgavene som skal til for bli matros. 

Dei første som er ferdige med Havilas «matros-skule» er klare som matrosar over nyttår. Då blir det også ledig plass for nye lettmatrosar på opplæring til å bli matros. 
Njål Sævik seier dei er glade for stor interesse for tilbodet.

– Og vi gler oss over at vi no kan ta i mot eigne folk som vi kjenner og som er gjort kjent med arbeid og reiarlag. Det er eit solid utgangspunkt for at vi skal jobbe godt i lag i framtida og gi gode tenester til oppdragsgivarane våre. 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler