Havyard Leirvik lander kontrakt med Fjord 1

Publisert: 01.11.2022 kl. 08.51
Fjord 1 vel Havyard Leirvik som verft for ombygging av M/F Veøy. Foto: Fjord 1.
Fjord 1 vel Havyard Leirvik som verft for ombygging av M/F Veøy. Foto: Fjord 1.
Havyard Leirvik har signert kontrakt for motorbytte på ferja MF Veøy for fergerederiet Fjord1. Ferja må gjennom ei ombygging for å innfri krava på sambandet Hellesylt- Geiranger, i verdsarvfjorden. 

Kontrakten og val av teknisk løysing er eit resultat av eit lengre og godt samarbeid imellom verft, designer og rederi. Fartøyet vil vere ferdig ombygd til neste turistsesong i Geiranger.  

– Vegen hit har vore ein interessant prosess for oss, og vi set stor pris på å bli involvert av redar så pass tidleg. Ved tidleg involvering har vi kunna delt både erfaring og kompetanse som sikrar ei god gjennomføring for alle partar, seier salssjef for Havyard Leirvik, Silje Smådal. 

VELDIG GLEDELEG 
– Det er veldig gledeleg at Fjord1 vel Havyard Leirvik som verft for ombygging av M/F Veøy. Me er avhengig av gode og krevjande kundar for å utvikle oss. Fjord1 har vore kunde hos oss på nybygging, hybridisering, service og vedlikehald. Dei har gitt oss impulsar som har vore med på å utvikle verftet til det verftet vi liker å presentere i dag. Me ser derfor fram til å ha eit nytt større prosjekt i lag med dei, seier administrerande direktør Tor Leif Mongstad  

Vidare seier Mongstad, at vi er umåteleg glad for å kunne melde til våre dyktige medarbeidarar at vi har inngått ein kontrakt som bidreg til å auke ordrereserven inn i 2023. Verftet er inne i ein god trend med aukande ordrevolum på service og vedlikehald, og med to større prosjekt i ordreboka gjev dette ein god basisaktivitet for verftet dei komande månadane.  

HJØRNESTEINSBEDRIFT
Havyard Leirvik er ei hjørnesteinsbedrift i området og mange har nære tilknytingar til verftet enten ved å vere direkte tilsett eller gjennom andre familiære eller profesjonelle relasjonar. Det er derfor viktig å skape ei tryggheit for aktiviteten og vise at vi er konkurransedyktige i ein krevjande marknad.

Havyard Leirvik AS
  • Havyard Leirvik AS har vært i drift siden 1918, og har en omfattende kunnskap innen leveranse av nybygg uavhengig av design, utrustning, reparasjoner og ombygging av skip. 
  • Med å ha solide prosjektstyrings- og kvalitetssikringssystemer, fleksibilitet og høyt kvalifiserte personer leverer verftet avanserte fartøy med topp kvalitet. 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler