Island Offshore går for batteri

Publisert: 18.08.2020 kl. 11.10
Island Crusader er det første av tre skip frå reiarlaget som får batteripakke. Foto: Island Offshore
Island Crusader er det første av tre skip frå reiarlaget som får batteripakke. Foto: Island Offshore

Island Offshore skal få installert batteripakkar og landstraum på tre av sine plattformforsyningsskip. Fyrste skip ut er Island Crusader, som alt har segla med batteripakke om bord i ein dryg månad.

- Det var svært gledeleg å kunne legge inn bestilling på energisparande og miljøvennlege system for dei tre båtane våre. To av fartøya går alt på rein naturgass (LNG) eller rein MGO (marine gassolje), og med batteri og landstraum installert i tillegg, vil dette bidra til å redusere utsleppa til miljøet vesentleg, seier ein nøgd administrerande direktør i Island Offshore Management AS, Tommy Walaunet i ei pressemelding.

HEILT IDEELL
Ein batteripakke kan nyttast som ei ekstra sikkerheit og reservekapasitet når skipa ligg ved rigg, og ein sparar dermed både drivstoff og gangtimar på generatorane. I tillegg vil batteria trå til under segling med rask og effektiv kraft, og bidreg til å ta «toppane» av belastninga. Sidan gassmotorane yter best når dei får ligge på jamn last, er kombinasjonen med batteri heilt ideell.

- Motorane gjer det meste av jobben medan batteriet absorberer variasjonane opp og ned, noko som resulterer i jamn segling utan stort behov for ekstra motorkraft for å takle motsjø, forklarer Walaunet.

Det er Kongsberg Maritime som leverer batteri og Energy Storage System (ESS) til dei tre søsterskipa, og dei leverte også design, framdriftsanlegg, motorar og anna utstyr då fartøya vart bygde.

Alle dei tre skipa er sikra lengre kontrakter med Lundin Energy Norway.

RÅKAR IKKJE DEKKSKAPASITETEN
Fartøya vert utstyrte med batterikontainerar plasserte på mezzanindekk bak styrehuset, slik at dekkskapasiteten ikkje vil verte råka. I tillegg vert det montert landstraumsanlegg slik at fartøya kan ligge til kai utan motorkraft der forholda er lagt til rette for det. I hamner utan landtilkopling, kan fartøya sette batteria i hamnemodus, og ligge på batteri. Dette sparar vesentleg med driftstimar på motorane, og er eit betydeleg bidrag for å redusere lokal miljøpåverknad, samt drivstoffkostnadar. Fyrst når batteria er utlada vil generatoren starte automatisk for lading.

- Lundin har hatt alle desse fartøya på langtidskontrakt tidlegare, så dei kjenner fartøya våre godt. At dei no er villige til å vidareutvikle fartøya saman med oss viser at dei tek miljøansvaret på alvor, og vil redusere miljøfotavtrykket sitt. Dette er ein viktig prioritet også for oss som rederi, seier Walaunet.

Island Crusader gjekk på kontrakt 04.juli, og skal vere støtteskip for riggen West Bollsta, medan Island Contender skal vere støttefartøy for Rowan Viking frå våren 2021. Island Commander er allereie på kontrakt for Lundin, og skal halde fram med å støtte boreaktiviteten på Edvard Grieg slik ho gjer i dag. Den nye treårsperioden for sistnevnte fartøy tek til i november. Island Commander og Island Contender vil få installert batteri før dei tek til på sine respektive kontraktsperioder.

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler