Kampanje for Ulstein-design i USA

Publisert: 20.09.2012 kl. 12.39 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
SX151
SX151


Ulstein har over tid samarbeidd med den amerikanske verftsgrupperinga Vigor Industrial i utviklinga av konseptdesign for eit kystvaktskip (OPC – Offshore Patrol Cutter). Vigor lanserer no Ulstein sin SX151-design i USA som ledd i ein kampanje for å posisjonere seg for den amerikanske kystvakta, som skal fornye flåten sin med opp til 25 nye skip.

– Som respons på Kystvakta sine krevjande OPC-krav, går Vigor utanom det konvensjonelle. Med Ulstein X-Bow, vil Vigor levere ein robust arbeidshest med svært gode sjøeigenskapar, hevdar Vigor i kampanjen «Affordable Innovation. Proven performance».

– Vi har arbeidd saman med Vigor i to år, og har kome fram til eit skipskonsept vi har stor tru på. Skipet er 100 meter langt og 16,4 meter breitt, og har ei toppfart på 22 knop. Ei typisk arbeidsfart kan variere frå 5 til 22 knop, og skipet er difor utstyrt med eit kombinert dieselmekanisk/dieselelektrisk framdriftssystem. Skipet har ei innreiing for 124 personar, har helikopterdekk og -hangar, og hangar for tre rescuebåtar (mann- over-bord-båtar), seier visekonsernsjef, Tore Ulstein, ansvarleg for Marknad og Innovasjon i Ulstein Group.

Prosjektet er langsiktig: – Fleire verftsgrupperingar gir no tilbod til Kystvakta. Mot slutten av 2014 eller starten på 2015, vil Kystvakta tildele kontrakten, fortel Ulstein.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler