Kjølstrekk to vindfartøy med Ulstein-design

Publisert: 30.11.2022 kl. 12.12 | Oppdatert: 02.12.2022 kl. 11.56
Kina sitt første SOV-prosjekt femner om to ulike design, men der begge har skroglinjeformene X-BOW® og X-STERN®.. Illustrasjon: Ulstein.
Kina sitt første SOV-prosjekt femner om to ulike design, men der begge har skroglinjeformene X-BOW® og X-STERN®.. Illustrasjon: Ulstein.
30. november  vart det halde kjølstrekkseremoni ved ZPMC-verftet for dei første serviceoperasjonsskipa (SOV-ane) til vindparkar i Kina. Dei to fartøya er av Ulstein sine design SX195 og SX197 og er bestilte av Shanghai Electric. Leveringa er planlagt til høvesvis slutten av 2023 og tidleg i 2024.
 
Kina sitt første SOV-prosjekt femner om to ulike design, men der begge har skroglinjeformene X-BOW® og X-STERN®. Skipa kan romme høvesvis 60 og 100 personar og gjer Shanghai Electric i stand til å tilby kundane svært effektive, robuste og topp moderne fartøy til drift og vedlikehald av vindparkane. Det er lagt vekt på optimalisert driftskapasitet, økonomi og yteevne i skipsdesigna. Med batteri installerte vil fartøya gi reduserte utslepp i arbeidet sitt med å betjene fornybar energi-marknaden.
 
Brennestarten til dei to skipa var den 15. september.

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler