Klar til å fiske patagonisk tannfisk utanfor Uruguay

Publisert: 05.10.2020 kl. 10.50 | Oppdatert: 07.10.2020 kl. 10.47
Ocean Azul skal fiska eksklusiv patagonisk tannfisk i Uruguay.
Ocean Azul skal fiska eksklusiv patagonisk tannfisk i Uruguay.
Den slitne skjeltrålaren har blitt ny. No er Ocean Azul klar til å ta fatt på sitt nye liv som verdas største, automatiske linefiskar. 

– I dag er me veldig stolte over å kunne levera Ocean Azul til Pescuera Azul Norge AS (PAN). No har me ferdigstilt vår største kontrakt nokon sinne, seier Olav Hilmar Koløy, dagleg leiar i LOS Marine. 

Skjeltrålaren Kovda blei først bygd i 1987. Reiarlaget PAN kjøpte den i 2018. Etter ombygginga på Rubbestadneset, seglar spesialbåten under nytt namn. 

– No står Ocean Azul fram som eit hypermoderne nybygg. Så godt som heile fartøyet har blitt nytt. Ei rekkje tekniske nyvinningar gjer kvardagen tryggare både for mannskap og fangst, seier Koløy i ei pressemelding .

12 METER LENGER
Ocean Azul skal brukast til å fiska eksklusiv patagonisk tannfisk i Uruguay. I løpet av opphaldet på Bømlo har båten fått forlenga skroget med heile 12 meter.

– Hekkseksjonen på båten er spesialutvikla for å fiska med ein ny type liner. Fisken som bit på djupvasslinene blir kapsla inn i ein modul før han blir heist opp i båten. På den måten unngår ein at dyrebar fangst blir eten opp av kval og rovfisk på vegen opp til overflata. Det sikrar også ein trygg, innandørs arbeidsplass for mannskapet om bord. Dette er ein prototype som kjem til å bli lagt merke til. Du kan seia at dette er verdas største autolinefartøy, seier Koløy.

LOS Marine har kring 130 båtar inne til vedlikehald kvart år. Grunna arbeidet med Ocean Azulhar det vore ekstra stor aktivitet ved verftet den siste tida.

– Til vanleg har me rundt 60 tilsette ved LOS Marine. På det meste har det vore 100 mann i arbeid berre med PAN-kontrakten. Det vil seia at det har vore 150-200 arbeidarar i sving til ei kvar tid på verftet dei siste åra, seier Koløy.

TAKKSAME
LOS Marine takkar no LOS Elektro AS og alle gode samarbeidspartnarar i arbeidet med «Ocean Azul».
– Me takkar også reiarlaget Pesquera Azul Norge AS for at me fekk gjera jobben, og ønskjer dei lukke til med fisket frå sin nye båt, seier Koløy.

Fakta «Ocean Azul»:
•    Byggeår: 1987 (ferdig ombygd i 2020)
•    Lengde: 72,5 meter
•    Breidde: 13 meter
•    Sengeplassar: 39
•    Motor: 2x V12 3500hk ABC motorar (ein hovudmotor og ein generator)
•    Gir: Volda
•    Hovudtavle: Austevoll Elektro
•    Propellanlegg: Wärtsilä 


 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen