Kolumbus får verdas første full-elektriske hurtigbåt

Publisert: 30.09.2020 kl. 12.24 | Oppdatert: 01.10.2020 kl. 18.20
Kontrakten mellom Kolumbus og Fjellstrand vart signert i sommar, og produksjonen av hurtigbåten vil starte opp i mai neste år. Illustrasjon: Fjellstrand.
Kontrakten mellom Kolumbus og Fjellstrand vart signert i sommar, og produksjonen av hurtigbåten vil starte opp i mai neste år. Illustrasjon: Fjellstrand.
Mobilitetsselskapet Kolumbus i Rogaland og skipsverftet Fjellstrand har signert avtale om leveranse av verdas første full-elektriske hurtigbåt. Prosjektet er ein viktig del av Kolumbus sitt arbeid for å redusere klimagass-utsleppa frå selskapets passasjertransport.  

Gjennom EU sitt Horizon 2020 program har TrAM prosjektet (Transport – Advanced and Modular), som Kolumbus er prosjektleiar for, mottatt støtte for å utvikle nye metodar for design og produksjon av nullutslepps passasjerfartøy. Målsetnaden til prosjektet er å redusere investeringskostnadane og leveringstida for framtidige nullutslepps fartøy for innaskjærs passasjertrafikk, går det fram av ei pressemelding. 

DELFINANSIERER
Politikarane i Rogaland fylkeskommune har vedtatt å del-finansiere bygginga av denne elektriske hurtigbåten som skal validere metodane som blir utvikla i TrAM-prosjektet. I løpet av 2022 skal båten i ein testperiode operere Kolumbus si rute til Byøyene og Hommersåk.

Det er i dag om lag 10 fartøy som driv hurtigbåt-trafikk for Kolumbus. CO2-utsleppa frå desse båtane er om lag det samme som frå alle dei om lag 450 bussane som trafikkerer Kolumbus sine ruter i Rogaland. Dette viser at det er heilt avgjerande å lukkast med nullutslepps teknologi for hurtigbåtar dersom ein skal oppnå vesentlege reduksjonar i CO2-utsleppa frå kollektivtransporten.

STARTAR NESTE ÅR
Kontrakten mellom Kolumbus og Fjellstrand vart signert i sommar, og produksjonen av hurtigbåten vil starte opp i mai neste år.

– Å elektrifisere hurtigbåtar med fart mellom 20-30 knop er utfordrande. Desse båtane er svært energikrevjande og berre gjennom godt samarbeid mellom sterke teknologipartnarar vil dette vere mogleg. Kontrakten med Fjellstrand, og det gode samarbeidet med andre teknologi-partnarar tilknytta den maritime klynga NCE Maritime Cleantech (Leirvik, Wärtsilä, Servogear og Hydro), gjer at me kjenner oss trygge på at dette skal me få til, seier Kommunikasjonssjef i Kolumbus Grethe Skundberg.

ALUMINIUM
Fartøyet skal byggjast i aluminium, eit robust materiale som i tillegg til låg vekt også er enkelt å resirkulera når tida ein gong er mogen for dette.

- Me er stolte over å levera verdas første full-elektriske hurtigbåt med null utslepp. Prosjektet er nok eit eksempel på at norsk maritim industri har tatt ein internasjonal leiarposisjon i den teknologiske og grøne utviklinga i maritim industri, seier salssjef i Fjellstrand, Edmund Tolo.

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler