Medalje for redningsdåd

Publisert: 13.12.2022 kl. 13.03
Staseleg utdeling av redningsmedalje. F.v. Statsforvaltar Else-May Norderhus, CTO Havila Shipping Svein Rune Smådal, administrerande direktør i Havila Shipping, Njål Sævik, Havila-kaptein og prisvinnar, Inge Eriksen, Marit Eriksen og COO i Havila Shipping Rune Smådal. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Staseleg utdeling av redningsmedalje. F.v. Statsforvaltar Else-May Norderhus, CTO Havila Shipping Svein Rune Smådal, administrerande direktør i Havila Shipping, Njål Sævik, Havila-kaptein og prisvinnar, Inge Eriksen, Marit Eriksen og COO i Havila Shipping Rune Smådal. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Kaptein i Havila Shipping, Inge Eriksen, fekk i dag medalje for redningsdåd til sjøs etter ein dramatisk bergingsaksjon.

Medaljen vert gitt til personar som med mot, snarrådigheit og dyktigheit reddar liv til sjøs i samband med ulykker til sjøs, forlis, havari, fall over bord og liknande. Dette kan også vere førar på skip som ved si manøvrering og opptreden reddar menneskeliv.

Det er Sjøfartsdirektoratet som innstiller til medalje for redningsdåd til sjøs, medan Nærings- og handelsdepartementet som har ansvar for skipsfarten tildeler og Inge Eriksen fekk ta i mot medaljen frå Statsforvaltar i Møre og Romsdal, Else-May Norderhus, 

Hendinga han fekk medalje for skjedde ei orkan-natt i 2018 då det kjem mayday-signal frå lasteskipet Heiko utanfor Askvoll. Lasteskipet driv snart på grunn og styrhuset står i full fyr. Framme på baugen står fire mann i det forrykande uveret.

EIT RAGNAROK
Havila Subsea med Inge Eriksen kom på brua kom fram til havaristen etter om lag 40 minutt og sette mob-båten på vatnet. Det bles orkan og dei andre skipa i området fekk ikkje gjort noko. Veret gjorde at det også var usikkert om redningshelikopteret greier å berge mannskapet.

– Det var eit ragnarok, seier Inge Eriksen, og fortel det var ei tøff avgjerd å sende ut mob-båten for å prøve å berge dei som var om bord i Heiko.

– Men det sto om fire menneskeliv og vi var villige til å strekke oss langt. Samtidig var det klar melding til dei som skulle ut at om dei var det minste i tvil, så skulle dei seie nei. Og var dei i tvil når dei var utpå, så skulle dei avbryte.

EIT SKULEEKSEMPEL
Mob-båten fekk om bord ein mann frå Heiko før det vart klart at redningshelikopteret greidde å hente opp dei andre. Mannen kom om bord i Havila Subsea, uskadd, men var førstereisgut og hadde fått eit tøft møte med sjølivet. 

Inge Eriksen gir ros både til karane han hadde ute i mob-båten og dei på brua.

– Dei som var ute i mob-båten er godt drilla og har godt utstyr, men dei sto i vatn om bord i båten og det dei gjorde under dei tøffe forholda, står det stor respekt av. Og det same gjeld innsatsen til styrmann og losen som var på brua. Kommunikasjonen gjekk knirkefritt med Redningssentral og mob-båt, og redningssentralen seier aksjonen var eit skuleeksempel på korleis det skulle gjerast.

EI BRAGD
Administrerande direktør i Havila Shipping, Njål Sævik, seier det gjer inntrykk å høyre Inge fortelje om kva som skjedde under bergingsaksjonen.

-– Berre den som har opplevd ei mørk natt med orkan veit kva krefter ein skal måle seg med og kor vanskelege arbeidsforholda er. Og når det då står om liv, slik det gjorde her, så må og skal ein strekkje seg til det ytterste. Samtidig har ein ansvar for at sikkerheita til eigne folk vert ivareteke. Vurderingane som må takast då er ekstremt vanskelege, dei må takast raskt og dei må takast i ein sitasjon der ein i tillegg har tøffe verforhold og ansvar for eige mannskap som krev langt meir enn enn vanleg dag på sjøen. 

– Medaljen for redningsdåd til sjøs er rangert som nummer femten av norske dekorasjonar, den heng høgt - men Njål Sævik seier det er vel fortjent at Inge Eriksen fekk den.
Det han og mannskapet gjorde er ei bragd., og eg er både takknemleg og stolt over å ha hatt sjøfolk som Inge Eriksen med på Havila-skuta.   
   
 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler