Meir arbeid for Island Diligence

Publisert: 12.03.2020 kl. 10.59
Island Diligence har sikra seg arbeid ei tid framover. Foto: Gunder Tande Sandersen
Island Diligence har sikra seg arbeid ei tid framover. Foto: Gunder Tande Sandersen
Island Diligence har sikra seg to walk-to-work kontrakter siste månaden, noko som vil gi båten arbeid til utpå hausten 2020.

Island Diligence er alt komen i arbeid for Trianel i Tyskebukta, der ho utfører gangvegsoperasjonar på ein vindpark kalla Trianel Windpark Borkum II, opplyser Island Offshore i eit presseskriv.

Skipet har kapasitet til å huse 100 personar, og mannskapet på 23 kan forvente nesten full båt under oppdraget for Trianel der teknikarar frå klienten bur om bord. Lengda på kontrakta er dryge 4 månader, pluss opsjonar, og båten vil ha base i Eemshaven, Nederland.

Vidare er kontrakt signert med Global Marine Group for arbeid på Kriegers Flak, ein vindpark utanfor Baltikum, på dansk sektor. Utbyggar er Vattenfall, og vindparken vert Danmarks største når den står ferdig i slutten av 2021. Island Diligence skal bistå som hotellskip, samt med gangvegsoperasjonar i samband med kabellegging på vindparken.
Også her er det venta full båt, med oppstart på seinsommaren. Varigheita på kontrakta er tre månadar, pluss opsjon på ein månad til, og båten vil mobilisere i Grimsby, UK.

Island Diligence er av type UT 717 CDX, og vart levert fra Vard Brevik i 2018. Du kan lese meir om skipet på denne linken.

 

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler