Milliardkontrakt til Rolls-Royce

Publisert: 13.12.2012 kl. 13.29 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
LMG Marin
LMG Marin


Rolls-Royce har signert ein ordre på levering av framdriftssystem til sju drillskip for det statlege brasilianske oljeselskapet Petrobras. Verdien på kontrakta er i overkant av ein milliard kroner, og dette er den største singelordren for framdriftsutstyr signert av Rolls-Royce nokon sinne.

Det er det brasilianske verftet Atlantico Sul som står for kjempeordren, og dei sju drillskipa skal til saman utstyrast med 42 thrusterar og 42 dieselmotorar frå Rolls-Royce. Saman gjev thrusterane og motorane framdrift til drillskipa til og frå boreområda, samt held skipet i korrekt posisjon under boreoperasjonar.

– Etter å ha jobba i over eit år med dette prosjektet er vi veldig glade for å endeleg kunne signere denne kontrakta med Atlantico Sul. Dette er ein ny kunde for oss i ein krevjande marknad, og det gjer det ekstra gledeleg å få ei slik stor kontrakt i hamn, seier Helge Gjerde, Senior Vice President Offshore for motorar og framdrift i Rolls-Royce.

Drillskipa til Petrobras skal primært støtte utvinninga av olje frå brønnar i pre-salt- laga lokaliserte 2000-3000 meter under havoverflata, utanfor kysten av Brasil.

– Vi ser fram til å jobbe saman med Rolls-Royce i dette prosjektet. Deira breie erfaring og ekspertise som leverandør av innovative og pålitelige framdriftssystem, har stor verdi for oss når vi no skal bygge desse avanserte drillskipa for Petrobras, seier Otoniel Silva Reis, CEO i Atlantico Sul.

Rolls-Royce har levert og i ordre, meir enn 140 framdriftssystem for flytande boreinstallasjonar som støttar produksjonsaktiviteten på oljefelt verda over.

– Dette hadde ikkje vore mogleg utan imponerande teamarbeid mellom ulike delar i organisasjonen vår. Vi kan slå fast at fotavtrykket vårt vert styrka både i Brasil og i drillskipmarknaden, seier Gjerde.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler